Fylkesveg i Noreg er ein bilveg i fylkeskommunal eige som vert vedlikehalden av fylkeskommunen.

Fylkesveg 76 i Nordland.

Det var i 2010 i alt 27 281 km fylkesvegar i Noreg. Dette utgjorde 29,2 % av dei 93 347 km offentlege vegane i Noreg. Første januar i 2011 vart 17 000 km riksvegar overført frå staten til fylka. Etter denne reforma var fylkesvegane til saman 44 281 km. Nordland er fylket med lengst fylkesvegstrekning, totalt 4 111 km. Hedmark, Oppland, Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag har meir enn 3000 km fylkesvegar.[1]

Historie og nummer

endre

Ordninga med riks-, fylkes- og bygdevegar (seinare kommunale vegar) vart innført i 1931. Frå 1912 hadde vegane vore inndelde i hovudvegar og bygdevegar.

Fylkesvegane vart tidlegare nummererte innan kvart fylke. Dette medførte at fleire fylkesvegar kunne ha same nummer, ein for kvart fylke. Oslo og Moskenes kommunar hadde ingen fylkesvegar. I Trondheim vart fylkesvegane som eit forsøk nedklassifisert til kommunale vegar og vart drivne av Trondheim Bydrift frå 2004 til 2007. Frå 1. januar 2008 fekk desse vegane igjen status som fylkesvegar.[2][3]

Den 1. januar 2020 tredde kommunereforma og regionreforma i kraft. Som ein konsekvens av dei komande reformene vart det trong til å gjennomføre større endringar av på vegnummer i vegnettet.[4] Fram til då var fylkesvegane nummererte med eit system der kvart fylke kunne ha fylkesvegar med nummer 1 og oppover, og ein skilde mellom Fylkesveg 1 i Hedmark og Fylkesveg 1 i Sogn og Fjordane ved å inkludere fylkesnamn i vegnemninga. Heretter skulle alle fylkesvegar ha sitt eige unike vegnummer på landsbasis. Primære fylkesvegar fekk eit vegnummer mellom 1 og 999, medan sekundære fylkesvegar fekk eit firesifra nummer. I tillegg vart mange fylkesvegar utan samanhengande trasear splitta opp (som gamle Fylkesveg 152 i Sogn og Fjordane), og mange korte fylkesvegar vart slegne saman med andre tilknytte fylkesvegar (som gamle Fylkesveg 184 i Sogn og Fjordane). Desse endringane trod i kraft fortløpande mellom 2019 og juni 2021.

Fylkesvegar med fast dekkje

endre

Prosent frå Dagbladet i 2007.[5]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Statistisk sentralbyrå: Tabell 415: Offentlige veier etter fylke 1. januar 2010
    Merk: I tala er medrekna gatenettet i byane. For kommunale vegar er ikkje tala oppdaterte for alle kommunane.
  2. NUUG kart: Fylkesveger i Trondheim (1. februar 2008)
  3. Trondheim kommune: Saksframlegg Fylkesvegplan 2008-2011 med budsjett 2008[daud lenkje] (23. april 2007)
  4. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022. 
  5. Dagbladet (papirutgåva): «Mangler vedlikehold for 40 mrd. kr». (Publisert 21. august 2007). Kjelder for artikkelen: NAF, Statistisk sentralbyrå, Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Opplysningsrådet for Veitrafikken.

Bakgrunnsstoff

endre