Opna hovudmenyen
Torget i Gamlebyen i Fredrikstad.
Parti av festningsvollen frå 1660-åra med den vassfylte vollgrava utanfor.

Gamlebyen i Fredrikstad er den eldste delen av Fredrikstad by, grunnlagt 12. september 1567. Gamlebyen ligg på austsida av elva Glomma, der elva deler seg i eit løp på kvar side av øya Isegran på sin veg mot havet. Kong Frederik II signerte byfundasjonsbrevet, og Fredrikstad vart den fyrste norske byen som vart grunnlagt etter mellomalderen, og den fyrste som kongen tillet vart kalla opp etter seg.

Gamlebyen ligg innafor eit festningsverk av murar, vollar og vassfylte vollgraver frå 1660-talet. Både husa og festningsverka er godt tekne vare på, så difor er Gamlebyen vorte den festningsbyen i Nord-Europa som er best teke vare på. Byen er i dagleg bruk som både bustad- og næringsområde med køyreveg inn frå austsida. Fleire kunstnarar har òg verkstad og utsal her. Det går passasjerferje over elva mellom Gamlebyen og dei sentrale områda i det moderne Fredrikstad på den andre sida.

KjelderEndra