Nord-Europa
Nord-Europa er den nordlege delen av det europeiske kontinentet. Det har variert kva som har blitt rekna med, i dag reknar ein inn:
- Norden (Danmark med Færøyane og Grønland, Finland, Island, Noreg, Sverige, stundom også Karelia og Kola)
- Baltikum (Estland, Latvia, Litauen)
- Dei britiske øyane (Storbritannia, Irland, Guernsey, Jersey og Isle of Man)
- andre område som ligg til Austersjøen og Nordsjøen (nordvestlege Russland, nordlege Polen, nordlege Tyskland og Benelux, som omfattar Nederland, Belgia og Luxembourg)
Dei sameinte nasjonane si statistikkavdeling definerer Nord-Europa som:
Historie
endreFør 1800-talet vart uttrykket «Nord» eller «Nordleg» nytta om Norden, Det europeiske Russland, Baltikum (på den tida Livland og Kurland) og Grønland.
I tidlegare tider, då Europa var dominert av Middelhavsområdet (t.d. Romarriket), vart alt som ikkje låg nær havet kalla Nord-Europa, inkludert Tyskland, Nederlanda og Austerrike. Denne tydinga vert stundom framleis nytta i visse samanhengar, som i omtale av Den nordlege renessansen. I mellomalderen nytta ein uttrykket (Ultima) Thule om ein halvvegs mytisk stad så langt nord på kontinentet ein kunne kome.
I EU vert Danmark, Sverige, Finland, Tyskland, Belgia og Nederland sett på som Den nordlege gruppa.
Danevirke og Den engelske kanalen vart ofte rekna som grensa mellom Nord- og Sør-Europa i vest, sidan områda sør for desse grensene vart styrt av frankarane under Karl den store, og mykje av området nord for grensa ein gong vart styrt av England under Knut den mektige.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |