Gammalnorsk

utdøytt språk

Gammalnorsk eller gamalnorsk er språket som vart tala i Noreg frå vikingtida til andre halvdelen av 1300-talet.

Gamalnorsk utgjer den nest største greina av det språket som vi gjerne kallar klassisk norrønt. Den største greina for dette språket er gamalislandsk, som takk vere sogelitteraturen har ei større overlevert tekstsamling enn den norske. Det finst også ei meir avgrensa tekstsamling for t.d. gamalfærøysk, Grønland-norrønt og Orknøy-norrønt.

Allereie i gamalnorsk språkperiode har det funnest fleire dialektar i Noreg. Det merker ein når ein studerer tekstene og ortografien på detaljnivå. I lærebøker set ein gjerne opp desse: søraustlandsk, nordaustlandsk, sørvestlandsk, nordvestlandsk, og trøndsk. Det må også ha funnest ei gamalnordnorsk dialekt, som ein veit veldig lite om.