Gamvikfjorden
Gamvikfjorden er ein fjord på Sørøya i Hammerfest kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 9,5 km sørover til Indre Bastafjord i botn av Bastafjorden.
Gamvikfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hammerfest | ||
Gamvikfjorden 70°49′25″N 23°14′42″E / 70.82371°N 23.24501°E |
Fjorden har innløp mellom Finnfjordskjeret i vest og Tarhalsen i aust. Vest for Finnfjordskjeret ligg Finnfjorden. Gamvikskjera ligg midt i fjorden ved innløpet. Fiskeværet Gamvik ligg på austsida av fjorden og litt lenger inn finn ein Finnvik. Like vest for Finnvik dannar Bastafjorden den inste delen av Gamvikfjorden. Dette er òg den djupaste delen av fjorden på 60 meter.
70°48′42.300″N 23°15′43.837″E / 70.81175000°N 23.26217694°E