Hammerfest kommune
Hammerfest (nordsamisk Hámmerfeastta suohkan, kvensk Hammerfesti komuuni) er ein kyst- og øykommune på vestkysten av Finnmark fylke. Kommunen omfattar øyane Kvaløya, Seiland og Sørøya og Porsangerhalvøya på fastlandet. Han grensar til Måsøy kommune i nordaust, Porsanger i aust, Alta i sør og Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Kvalsund, Rypefjord, Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.
Hammerfest kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Hammerfest | ||
Areal | 2 693 km² | ||
• land | 2 566 km² | ||
• vatn | 127 km² | ||
Folketal | 11 338 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Terje Rogde (H) | ||
Kommunenr. | 5603 | ||
Hammerfest kommune 70°39′48″N 23°40′40″E / 70.663330555556°N 23.677780555556°E | |||
Kart som viser Hammerfest kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hammerfest | |||
Nettstad: www.hammerfest.kommune.no |
Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.
Historie
endre- 1684: Hammerfest fekk kyrkje og prest. Folketalet låg på rundt 60 personar.
- 1764: Innbyggjarane i byen mista handelsretten sin etter befaling av kong Frederik V av Danmark. Dette førte til at Russland byrja å sende skip med korn til Hammerfest, den såkalla Pomorhandelen.
- 17. juli 1789: Hammerfest fekk bystatus.
- 1809: Byen blei plyndra av to engelske fregattar under Napoleonskrigen. Etter dette blei det bygd ein skanse på Fuglenes.
- 1856: Byen blei øydelagd av ein særs kraftig orkan. Ei internasjonal innsamling skaffar pengar til å byggje byen opp att.
- 1859: Det første fyret i Finnmark blei bygd på Fuglenes. Byen fekk den første reguleringsplanen sin.
- 1868: Det første vassverket i Hammerfest blei bygd.
- 1870: Oppføring av ein telegrafstasjon som blei brukt av heile Finnmark.
- 1890: Ein bybrann la 2/3 av byen i oske. Under gjenoppbygginga fekk Hammerfest eit kommunalt elektrisitetsverk og blei i 1891 den første byen i nord-Europa som fekk elektrisk gatelys.
- 1944: Innbyggjarane blei tvangsevakuert av den tyske okkupasjonsmakta, og byen blei systematisk brent og øydelagt. Berre det vesle gravkapellet frå 1939 blei ståande att.
- 1950-talet: Hammerfest blei bygd opp att etter ein heilt ny reguleringsplan. Fiskeribedrifta Findus var blant dei mest moderne i Europa, med nymotens fryseteknikk som tillét eksport av fisk i stor skala.
- 1980: Barentshavet blei opna for leiteboring etter olje og gass. Hammerfest blei base for supplyskip og helikopter.
- 1992: Hammerfest blei slått saman med nabokommunen Sørøysund.
- 2002: Statoil starta bygginga av ein LNG-terminal på Melkøya for å ta imot gass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.
- 2020: Kvalsund kommune var slege saman med Hammerfest kommune
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for noverande Hammerfest kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4] | 1.1.1961[3][4] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
5015 | 5604 | 5599 | 6187 | 8088 | 9366 | 9656 | 9250 | 9166 | 9724 |
Tettstader i kommunen
endreVenskapsbyar
endreHammerfest i kulturen
endre«Hammerfest» er namnet på ein romstasjon i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge.
Folk frå Hammerfest
endre- Sissel Rønbeck, politikar som har vore statsråd i tre periodar mellom 1979 og 1997
- Bodil Niska, jazzmusikar, voks opp i Hammerfest men fødd i Vadsø
Fotnotar
endre- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Hammerfest 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Sørøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå