Garbh Eileach
Garbh Eileach er ei busetnadslaus øy i Indre Hebridane vest for Skottland. Ho er den største av Garvellachs og ligg i Firth of Lorne mellom Mull og Argyll.
Garbh Eileach | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°14′N 5°46′W / 56.24°N 5.77°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 1,42 km²
|
Høgaste punkt | 110 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Namnet er gælisk for «ru, steinete haug». Den angliserte utgåva av namnet har gjeve namn til heile øygruppa Garvellachs.
Ruinane av eit lite fort ligg oppfor ei bukt på austsida.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Garbh Eileach» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Pallister, Marian (2005) Lost Argyll: Argyll's Lost Heritage. Edinburgh. Birlinn. s. 133.