Garmisch-Partenkirchen

Garmisch-Partenkirchen er ein by i den tyske delstaten Bayern, og ligg i dei tyske alpane, like ved grensa til Austerrike og ved foten av det høgste fjellet i Tyskland, Zugspitze. Byen har 29875 innbyggjarar (2004).

Garmisch-Partenkirchen

Dei olympiske vinterleikane vart haldne her i 1936. 1. januar vert det kvart år arrangert nyårshopprenn her; eit høgdepunkt i den tradisjonsrike hoppveka.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.