Garnieritt
Garnieritt er ei generell nemning for grøne, nikkelhaldige silikatmineral, som stort sett høyrer til serpentingruppa. Dei inneheld 4–30 % nikkel og blir brote som nikkelmalm på Nouvelle-Calédonie. Dei vert danna ved forvitring av peridotittar.
Det er kalla opp etter den franske ingeniøren J. Garnier.
Kjelder
endre- Garnieritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/garnieritt.