Gary Mabbutt

britisk fotballspelar

Gary Vincent Mabbutt (fødd 23. august 1961) er ein engelsk fotballspelar frå Bristol. Han er særleg kjend for sine 16 år som Tottenham Hotspur-spelar. Han spelte oftast midtstoppar, men kunne også ta ansvar som midtbanespelar. I tida 1982-92 deltok han i 16 av Englands landskampar.

Gary Mabbutt


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 23. august 1961 (62 år)
Bristol
Idrett fotball
Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Karriere endre

Klubbspel endre

Mabbutt debuterte i 1979 for Bristol Rovers, eit av dei svakare laga i engelsk andredivisjon. I 1982 vart han overført til fyrstedivisjonsklubben Tottenham Hotspur, der han var lagkaptein frå 1987. Med Tottenham var han med om vinne UEFA-cupfinalen 1984, eit dobbeltoppgjer mot RSC Anderlecht som vart avgjort med straffesparkskyting. Tre år seinare sende han laget sitt i føringa med 2–1 i FA-finalen 1987 mot Coventry City, ein kamp som gjekk til ekstraomgangar og enda med at Coventry sigra 3 – 2 då ei halvklaring frå Mabbutt enda i eige nett. 18. mai 1991 fekk Mabbutt gleda av å heve FA-trofeet etter Tottenham vann 2–1 mot Nottingham Forest i finalen på Wembley stadion, ein kamp der norske Erik Thorstvedt vakta Tottenham-målet. Etter 1993 var Mabbutt hemma av skadar, la opp i 1998.

Landslagsspel endre

Over ein tiårsperiode, 1982-92, deltok Mabbutt i 16 landskampar for England. Kampane kom i 1982-83, 1986-87 og 1991-92. Han skåra det fyrste målet då England slo Jugoslavia 2–0 i EM-kvalifiseringskamp på Wembley stadion 12. november 1986, aldri elles.

Merittar endre

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1984 for Tottenham Hotspur
  • Vinnar av FA-cupen: 1991 for Tottenham Hotspur

Kjelder endre