Gasskonferansen i Bergen

Gasskonferansen i Bergen er ei skiping med formål å arbeida for informasjon og kunnskap om bruk av naturgass og biogass i Noreg. Dette kan gjerast ved å vera eit kompetansesenter for gass og bruk av gass. Det skal m.a. arrangerast ein årleg gasskonferanse i Bergen og gjennomførast andre relevante tiltak.

Den fyrste konferansen vart halden i september 1994. Konferansen er den årlege møtestaden for folk som ynskjer å utnytta gassressursane i Noreg på fastlandet. På konferansen skal det årleg gjerast opp status for bruk av naturgass på land samtidig som det skal orienterast om nye høve til bruk.

Konferansen er spesielt tilpassa folk som tek administrative og tekniske avgjerder innanfor industri, næringsliv og offentleg forvalting, og høver for alle som vil skaffa seg både strategiske og praktiske kunnskapar om bruk av naturgass i Noreg. I oktober 1999 vart Possibility A/S tilknytt konferansen som teknisk arrangør. Deltakartalet har auka jamnt til rekorden i 2004 med totalt 300 deltakarar.

Bakgrunnsstoff endre