Gauldalsraset

Gauldalsraset var eit sand- og grusras med ei påfølgjande flaumkatastrofe i Gauldalen i 1345. Raset og oversymjinga blir ofte omtala som noregshistorias største naturkatastrofe.[1] Ifølgje islandske kjelder skal skredet ha gått på krosssmessedag, 14. september, 1345. Det finst ikkje mange kjelder frå denne tida som nemner raset. Den første kjelda, Skålholtannalen, som er skrive tre år etter raset og to andre kjelder, lagmannsannalen og Flatøyannalen, inneheld informasjon om hendinga. I tillegg har munnleg tradisjon og geologiske tolkningar vore med på å forklare hendinga.[2] [3]

Kart over raset

Ifølgje dei gamle kjeldene gjekk raset ved Kvasshylla, eller garden Haga, tre km nord for Støren. Raset demte opp Gaula og danna ein innsjø, somme gonger omtala som Hagavatnet, som strekte seg 14 kilometer opp i dalen til Bones. Oppover dalen vart 25 gardar oversumde og heilt øydelagde. Til slutt raste demninga som må ha vore mellom 30 m og 40 m høg og store mengder lausmassear og vatn oversumde dalen helt ned til Melhus. Over 50 gardar og sju kyrkjer skal ha blitt øydelagde av raset og oversymjinga og over 500 menneske omkom.

Nyare overslag syner at det med stort sannsyn har gått ras ved Kvasshylla for så lenge sidan. Overslaga syner at raset måtte ha vore på minst 45 millionar kubikkmeter dersom det er sant at innsjøen strekte seg heilt opp til Bones. Demninga må ha vore minst 33 m høg for at innsjøen skulle ha strekt seg så langt opp i dalen. Gauldalsraset var likevel ikkje like stort som Verdalsraset, men mange fleire omkom i Gauldalen.

Kvifor så mange omkom, kan kan hende setjast i samanheng med at det var midt i ei pilegrimslei. Ei av dei eldste kjeldene nemner faktisk at det var om lag 250 vegfarande og over 250 fastbuande som miste livet i raset. Raset i Gauldalen omfatta eit mykje større område enn Verdalsraset. Heile dalen frå Bones langt opp i dalen og heilt ned til Melhus var øydelagt, hovudsakleg på grunn av flaumen etter at demninga brast.

Det har vorte hevda at raset var eit leirras, men ei avhandling publisert i 2001 påviser at det var sand og grus som rasa ut.[2]

ReferansarEndra

  1. Den glemte katastrofen - Aftenposten
  2. 2,0 2,1 Rokoengen med flere (2001)
  3. J. Otnes, Årshefte 2012, Byneset historielag

LitteraturEndra

  • Rokoengen K.; Jespersen M.N.; Kleiv R.A.; Sæterbø E. (1. juni 2001). «The 1345 slide and flood disaster in the Gauldalen valley, Mid-Norway: a new interpretation». Norwegian Journal of Geography, Volume 55 (2): 57–70. 

BakgrunnsstoffEndra