Gave d'Oloron
Gave d'Oloron er ei elv sørvest i Frankrike nær grensa til Spania. Ho har sitt namn frå byen Oloron-Sainte-Marie, der ho vert danna ved at elvane Gave d'Aspe og Gave d'Ossau renn i hop.
Ho munnar ut i Gave de Pau frå venstre i Peyrehorade, berre 10 km før Gave de Pau munnar ut i Adour. Dette siste stykket vert kalla Gaves Réunis (Sameint Gaves).
Gave d'Oloron renn gjennom følgjande departement og byar: