Pyrénées-Atlantiques
Pyrénées-Atlantiques | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Pyrénées-Atlantiques | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 64 |
Region: | Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes |
Préfecture: | Pau |
Sous-préfectures: | Bayonne Oloron-Sainte-Marie |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 52 |
Kommunar: | 547 |
Président du conseil général: | Jean-Jacques Lasserre |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 37. |
-1999 | 600 018 |
Folketettleik: | 78/km² |
Landareal¹: | 7 645 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Pyrénées-Atlantiques (oksitansk Pirenèus-Atlantics; baskisk Pirinio-Atlantiarrak eller Pirinio-Atlantikoak) er eit departement sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes og har teke namn frå Pyreneane og Atlanterhavet.
HistorieEndra
Basses-Pyrénées var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsane Guyenne, Béarn og Gascogne og inkluderte dei tre historiske provinsane nord i Baskarland: Labourd, Soule og Basse-Navarre.
10. oktober 1969 vart Basses-Pyrénées gjeve namnet Pyrénées-Atlantiques.
GeografiEndra
Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Hautes-Pyrénées og Gers, i tillegg til Atlanterhavet og Spania.
Dei største byen er Pau, Biarritz, Bayonne, Anglet og St-Jean-de-Luz.
DemografiEndra
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bas-Pyrénéens etter det gamle namnet på departementet.
KulturEndra
Delar av departementet som var del av Guyenne og Béarn har ein kultur som er kraftig påverka av baskarar.
Både gaskognsk og baskisk språk vert nytta i området. Gaskognsk er ein variant av oksitansk språk, som ligg nærare katalansk enn fransk. Baskisk er eit isolert språk.
BakgrunnsstoffEndra
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside Arkivert 1998-12-01 ved Wayback Machine.
- Reiseguide for Pyrénées-Atlantiques Arkivert 2007-04-05 ved Wayback Machine.