Geir Johannes Hovig

Geir Johannes Hovig (18. september 194426. april 2009) var ein norsk journalist og programleiar.

Geir Johannes Hovig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1944
Namsos
Død

26. april 2009 (64 år)

Yrke musikkjournalist, radioprogramleiar
Språk norsk

Hovig arbeidde som journalist i Associated Press og NTB, før han kom til NRK i 1970. Han var ei kjend stemme i NRK Dagsnytt, før han reiste tilbake til Trøndelag midt på 1970-talet.

Geir Hovig var ein «bluesgeneral» i Noreg. Han bidrog til å starte Notodden Bluesfestival og gjere denne kjend gjennom media. Hovig formidla inntrykk i radio frå mange festivalar i inn- og utland, ikkje minst frå USA.

Han leia radioprogramma Eldorado og Hovigs Hangar i NRK.

Kjelder

endre
  • NRK Trøndelag - «Geir Hovig er død», 27. april 2009.
  • ABCNyheter - «Bluesgeneral Geir Hovig er gått bort», 27. april 2009.