Opna hovudmenyen

Gelson Fernandes

sveitsisk fotballspelar

Gelson Tavares Fernandes (fødd 2. september 1986) er ein sveitsisk fotballspelar som hausten 2011 er på utlån til engelske Leicester City frå franske AS Saint-Étienne. Gelson Fernandes er syskenbarnet til den portugisiske fotballspelaren Manuel Fernandes.

Gelson Fernandes
AUT vs. SUI 2015-11-17 (219).jpg
Fullt namn Gelson Tavares Fernandes
Fødd 2. september 1986
Praia i Kapp Verde
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Leicester (utlån)
Draktnummer 26
Ungdomsklubb
1995-2004 Sveits FC Sion
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-2007
2007-2009
2009-
2010-2011
2011-
Sveits FC Sion
Flag of England.svg Manchester City
Frankrike AS Saint-Étienne
Italia Chievo (lån)
Flag of England.svg Leicester (lån)
99 (1)
43 (3)
33 (0)
29 (2)
4 (1)
Landslag**
2001-04
2008-
Sveits Sveits U21
Sveits Sveits
4 (0)
33 (2)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 31. august 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 31. august 2011.

KarriereEndra

Som femåring flytte Fernandes saman med mor si frå Kapp Verde-øyane til Sitten i Sveits, der faren hadde fått arbeid. I 1995 tok han til å spela fotball på juniorlaget til FC Sion. I 2004 gjekk han over på fyrstelaget deira, og spelte 99 kampar for Sion før han signerte kontrakt med engelske Manchester City. Han blei i City i to sesongar før han skreiv under på ein toårskontrakt med franske AS Saint Étienne i 2009. Den 30. august 2010 vart det kunngjort at Fernandes vart lånt bort til Chievo Verona. Lånet kan omgjerast til kjøp.

På landslagsnivå spelte Fernandes 4 kampar for det sveitsiske U21-landslaget, og var kaptein i ein kamp. I 2007 gjekk han over i fyrstelandslaget, og har til no spelt 27 kampar for dei. Han vart teken ut til den sveitsiske troppen i Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika, og skåra det einaste målet mot Spania. Kampen enda 1-0 til Sveits, til stor glede for sveitsarane. Diverre vart dette også det einaste målet Sveits skåra i meisterskapen. Dei vart slått ut i gruppespelet, medan Spania gjekk vidare til å vinna finalen.

KjelderEndra

  • Tysk og engelsk wikipedia om Fernandes.