Generativ lingvistikk
Generativ lingvistikk er ei retning innanfor lingvistikken som som nyttar ein generativ grammatikk, det vil seie ein fullt eksplisitt grammatikk, eller eit endeleg sett av reglar eller prinsipp som genererer dei og berre dei grammatiske setningane i eit gjeve språk.
Ein sentral person i utviklinga av generativ grammatikk er Noam Chomsky, med Syntactic Structures frå 1957, men også med arbeid som eksplisitt utarbeidde det formelle fundamentet for teorien.
Sidan kring 1970 har det vorte utvikla ulike lingvistiske teoriar, som alle står i tradisjonen til generativ grammatikk, slik det vart definert ovanfor:
- Transformasjonell grammar (TG, Chomsky sine teoriar)
- Standardteorien (ST, brukt om teorien presentert i Chomsky 1965)
- Den utvida standardteorien (EST, med Chomsky sine tillegg tidleg på 70-talet)
- Revised Extended Standard Theory (REST, ca. Chomsky 1980)
- Prinsipp- og parameter-teorien (P&P)
- Styrings- og bindingsteorien (GB, presentert i Chomsky 1981: Lectures on Government and Binding)
- Minimalistprogrammet (MP (Chomsky 1995)
- Ikkje-transformasjonelle generative teoriar
Usemja dei ulike teoriene i mellom gjekk langs fleire akser: Dels om tilhøvet mellom syntaks og semantikk (og etterkvart i det heile om i kor stor grad grammatikken er modulær), og dels om grammatikken skal vere uttrykt ved hjelp av spesifikke reglar eller ved hjelp av prinsipp. Kor mange av motsetnadene dei ulike retningane i mellom som er substansielle, og kor mange som er notasjonelle, er tildels eit ope spørsmål, som det vil vere vanskeleg å svare på før dei blir betre og meir presist definert.
Termen generativ grammatikk blir ofte brukt i ei anna tyding, som «den grammatikken som til ei kvar tid blir praktisert av Chomsky og hans tilhengjarar». Denne språkbruken reflekterer Chomsky sin dominerande posisjon innanfor fagfeltet, men er upresis. Mellom anna er det framleis eit ope spørsmål om minimalismeprogrammet, Chomsky sin versjon av generativ grammatikk sidan midten av 1990-talet, fell inn under definisjonen av generativ grammatikk (det har vorte hevda, men ikkje vist, at det er tilfelle).