Genforråd
Genforråd er eit omgrep som viser til dei samla gena til alle individa i ein art eller populasjon. Denne vil alltid ha meir variasjon enn arvestoffet til eit enkeltindivid. I nokre tilfelle vil det likevel vera liten skilnad mellom arvestoffet til enkeltindivid og summen av desse. Dette skjer når startpopulasjonen har vore svært liten, til dømes på grunn av nær utrydding av ein art eller intensiv avl på ein rase.