Genzebe Dibaba (fødd 8. februar 1991) er ein etiopisk friidrettsutøvar som deltek i mellomdistanse- og lansdistanseløp. Ho sette 17. juli 2015 verdsrekord på 1500 meter med tida 3.50,0 under eit stemne i Monaco, få veker før ho vart verdsmeister på same distansen under VM i friidrett 2015 i Beijing. Dibaba har også vunne OL-sølv på 1500 m ved Sommar-OL 2016 og VM-bronse på 5000 meter i 2015. Tirunesh Dibaba er ei eldre søster.

Genzebe Dibaba

Statsborgarskap Etiopia
Fødd 8. februar 1991 (33 år)
Bekoji
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar
Høgd 168 centimeter
Genzebe Dibaba på Commons
Genzebe Dibaba, i midten, på sigerspallen i friidretts-VM 2015

Kjelder endre