Tirunesh Dibaba Kenene (fødd 1. juni 1985) er ein etiopisk langdistanseløpar. Ho spesialiserer seg på 5000 meter og 10000 meter og er regjerande olympisk meister på den sistnemnde distansen. I tillegg held ho verdsrekorden på 15 kilometer og på 5000 meter (frå Bislett Games, 2008). Ho fekk Bislett-medaljen for denne prestasjonen.[1][2] I tillegg har ho VM-gull frå 2003, 2005 og 2007.

Tirunesh Dibaba

Tirunesh Dibaba under Bislett Games, 2008
Foto: Ragnar Singsaas
Statsborgarskap Etiopia
Fødd 1. juni 1985 (39 år)
Bekoji
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 166 centimeter
Ektefelle Sileshi Sihine
Nettstad http://www.tiruneshdibaba.net/
Tirunesh Dibaba på Commons

Tirunesh Dibaba fekk sin fyrste OL-medalje under sommar-OL 2004 i Athen då ho sprang inn til bronse på 5000 meter, bak gullvinnaren Meseret Defar frå Etiopia og Isabella Ochichi frå Kenya. Under sommar-OL 2008 i Beijing vann ho olympisk gull på både 5000 meter og 10 000 meter, og ho forsvarte gullet på 10 000 meter under sommar-OL 2012 i London. På 5000-meteren sprang ho inn til bronsemedalje, igjen med Meseret Defar på fyrsteplass og kenyanske Vivian Cheruiyot på andre.

Kjelder

endre
  1. Kongehuset.no: Bislett Games 2008
  2. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017.