Geoffrey Holder
Geoffrey Lamont Holder (1. august 1930–5. oktober 2014) var ein trinidadisk-amerikansk skodespelar, dansar, musikar og kunstnar.[1] Han var hovuddansar for Metropolitan Ballet i New York før filmkarrieren hans byrja i 1957 med ein opptreden i Carib Gold. I 1973 spelte han den skurkeaktige Baron Samedi i James Bond-filmen Live and Let Die. Han vann to Tony-prisar i 1975 for kostymedesign og regissering av musikalen The Wiz, ei gjenforteljing av The Wizard of Oz.[2]
Geoffrey Holder | |||
| |||
Fødd | 1. august 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Port of Spain | ||
Død | 5. oktober 2014 (84 år) | ||
Dødsstad | Manhattan | ||
Fødenamn | Geoffrey Lamont Holder | ||
Aktive år | 1957–2014 | ||
Verka som | skodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, skribent, kostymedesignar, koreograf, sceneinstruktør, filmskodespelar, dansar, songar | ||
Ektefelle | Carmen De Lavallade | ||
Prisar | Guggenheim-stipendiet, Tony Award for Best Costume Design, Tony-prisen for beste regi av en musical |
Kjelder
endre- ↑ Zita Allen. «Great Performances – Biography, Geoffrey Holder». Encyclopedia of African-American Culture and History, cited By PBS. Henta 26. november 2011.
- ↑ Hare, Breeanna (7. oktober 2014). «Geoffrey Holder, famed dancer, 7Up pitchman, dies». CNN.
- Denne artikkelen bygger på «Geoffrey Holder» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2020.