Georg Hettich (fødd 12. oktober 1978) er ein tysk tidlegare kombinertrennar frå Schonach im Schwarzwald som vart olympisk meister i kombinert normalprogram under Vinter-OL 2006.

Georg Hettich


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 12. oktober 1978 (45 år)
Furtwangen im Schwarzwald
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2010, Presidentvalget i Tyskland 2010, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – individual Gundersen, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – sprint, Nordic combined at the 2002 Winter Olympics – team, Nordic combined at the 2006 Winter Olympics – team

Aktiv endre

Hettich fekk OL-sølv med Tyskland sitt lag i 4 x 5 km kombinertstafett då dei olympiske vinterleikane 2002 fann stad i Salt Lake City, året etter var han med å vinne VM-sølv i same øvinga ved Ski-VM 2003 i Val di Fiemme. Også i Ski-VM 2005 i heimlege Oberstdorf vart det sølv på Hettich og det tyske kombinertmannskapet, sameleis i Vinter-OL 2006 i Torino. Men i motsetnad til dei andre meisterskapane lukkast Hettich overmåte godt i vinterleikane 2006, då han noko overraskande vann gullmedaljen i normaløvinga med 15 km langrenn. I tillegg tok han bronsemedaljen i halvprogrammet med hopping i storbakken og 7,5 km langrenn.

Hettich lukkast aldri å vinne eit individuelt verdscuprenn, fire andreplassar var det beste han oppnådde. Han enda på sjettplass i verdscupen i kombinert 2003 og på ny i 2006.

Hettich la opp etter 2010-sesongen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre