Oberstdorf er ein kommune (tysk:Markt) i Oberallgäu i Bayern i Tyskland. Kommunen ligg i dei bayerske Alpane og grensar i sør til Austerrike. Obertsdorf kommune omfattar omfattar 229,9 km² og hyser 9 649 ibuarar (2021). Småbyen Oberstdorf ligg 813 meter over havet.

Oberstdorf
by
Land  Tyskland
Stat Bayern
Del av Stimmkreis Lindau, Sonthofen
Kart
Oberstdorf
47°24′35″ N 10°16′45″ E
Wikimedia Commons: Oberstdorf

Oberstdorf er kjent som kurstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt for fjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein av Tysklands turistmagnetar.

I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjente hoppbakkar: Schattenberg-bakken, som blir brukt under hoppveka, og ein skiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den tredje største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.

Oberstdorf har arrangert verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i såvel 1987, som 2005 og 2021. Noregs troppar vart best i både 2005 og 2021.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra

  Commons har multimedium som gjeld: Oberstdorf