Opna hovudmenyen

Georg Schwarzenbeck

tysk fotballspelar

Hans-Georg Schwarzenbeck (fødd 3. april 1948) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå München. Midtstopparen, som bar kallenamnet Katsche, vann tre europacupar, ein cupvinnarcup, fire vesttyske seriemeisterskap og tre vesttyske cupfinalar med Bayern München, klubben han spelte 416 kampar for i Bundesliga i tida 1966-79, og skåra 21 mål.

Georg Schwarzenbeck
Hans-Georg Schwarzenbeck.jpg
Fødd 3. april 1948
München
Yrke fotballspelar
Georg Schwarzenbeck på Commons

Mellom 1971 og 1978 spelte Schwarzenbeck 44 landskampar for Vest-Tyskland. Han vart europameister 1972 og verdsmeister 1974 med laget, og deltok i EM-finalen 1976 mot Tsjekkoslovakia, ein kamp som enda med vesttyske sølvmedaljar då 120 minuttar og straffeskyting var over.

MerittarEndra

  • Verdsmeister 1974 med Vest-Tyskland
  • Europameister 1974 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Europacupen: 1974, 1975, 1976 med Bayern München
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1967 med Bayern München
  • Vinnar av bundesligaen: 1969, 1972, 1973, 1974 med Bayern München
  • Vesttysk cupvinnar: 1967, 1969 og 1971 med Bayern München

KjelderEndra