George Canning

britisk diplomat og politikar

George Canning (11. april 17708. august 1827) var ein britisk statsmann og tory-politikar som var medlem i fleire regjeringar leidd av ulike statsministrar. Dei siste fire månadane av livet var han sjølv statsminister i Storbritannia.

George Canning

Fødd11. april 1770
London
Død8. august 1827 (57 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
PartiTorypartiet
Yrkepolitikar, diplomat, advokat, skribent, duellant
InstitusjonarStorbritannias utenriksdepartement
Utdanna vedChrist Church College
Eton College
MorMary Ann Costello
FarGeorge Canning
EktefelleJoan Canning
BarnCharles Canning, George Charles Canning, William Pitt Canning, Harriet de Burgh, Marchioness of Clanricarde
MedlemRoyal Society
Alle verv
  • member of the 4th Parliament of the United Kingdom (1807–1812)
  • britisk statsminister (1827–1827)
  • Storbritannias finansminister (1827–1827)
  • Storbritannias utenriksminister (1822–1827)
  • leder av Underhuset (1822–1827)
  • President of the Board of Control (1816–1821)
  • Treasurer of the Navy
  • Storbritannias ambassadør til Portugal (1814–1815)
  • member of the 1st Parliament of the United Kingdom (1801–1802)
  • member of the 2nd Parliament of the United Kingdom (1802–1806)
  • member of the 3rd Parliament of the United Kingdom (1806–1807)
  • member of the 5th Parliament of the United Kingdom (1812–1818)
  • member of the 6th Parliament of the United Kingdom (1818–1820)
  • member of the 7th Parliament of the United Kingdom (1820–1822)
  • member of the 17th Parliament of Great Britain (1793–1796)
  • member of the 18th Parliament of Great Britain (1796–1801)
  • member of the 8th Parliament of the United Kingdom (1826–1827)
  • member of the 8th Parliament of the United Kingdom (1827–1827)
  • member of the 7th Parliament of the United Kingdom (1823–1826) Sjå dette på Wikidata

Liv og gjerning

endre

Canning var son til ein fallert forretningsmann, så det var med økonomisk stønad frå ein onkel at han kunne utdanne seg ved Eton College og Christ Church i Oxford. Frå 1793 gjekk Canning inn i politikken, og gjorde snøgt karriere. Under statsminister William Pitt den yngre var han 1800-01 lønningsmeister for dei militære styrkane og 1804-06 skattemeister for marinen.

Frå mars 1807 til oktober 1809 var Canning utanriksminister under den sjuklege William Cavendish-Bentinck. Dermed vart Canning den leiande figuren i regjeringa. Han stod såleis bak kapringa av den danske flåten i 1807, eit tiltak som sikra britisk herredømme på havet i striden mot Napoleon. I 1809 vart han såra i ein duell mot sin personlege fiende Lord Castlereagh. Kort etter måtte han sjå at Spencer Perceval fekk statsministerposten då Cavendish-Bentinck gjekk av.

I statsminister Robert Jenkinson (lord Liverpool) si styringstid, gjorde Canning teneste som ambassadør i Portugal 1814-16 og sjefskontrollør av det britiske ostindiakompaniet 1816-21. Frå 1822 til -27 var han utanriksminister og samstundes leiar av underhuset. Ettersom kongen mislikte Canning, prøvde han å svekke utanrikspolitikken hans. Men Canning lukkast byggje brei offentleg støtte for ein politikk som sikra viktige fordelar til britiske handelsmenn utanlands, mellom anna ved å støtte opp om USA og Monroedoktrinen.

Canning var sterkt imot det statssystemet dei konservative europeiske maktene la grunnen for gjennom Wien-kongressen i 1815. Han arbeidde for å svekke dette systemet, og utvikla ein utanrikspolitikk som Storbritannia skulle fylgje gjennom mange tiår. Denne hevda at kvart land skulle utvikle sitt styresett utan innblanding utafrå, sikre maktbalansen mellom dei ulike rika og dessutan krav om at statane retta seg etter overnasjonale avtalar. Sentralt i politikken låg også oppfatninga om at Europas herredømme enda ved atlanterhavskysten, og Englands makt tok til ved same.

Då lord Liverpool gjekk av som statsminister i april 1827, vart Canning vald til ny statsminister, framfor hertugen av Wellington og sir Robert Peel. Begge desse sistnemnde nekta å verte statsrådar i Canning-regjeringa. Tory-partiet vart dermed splitta mellom Peel og Wellington sine ultra-toryar og dei såkalla canningittane. Canning tok i staden fleire whiggar med i regjeringa. Men helsa hans svikta, og han døydde allereie i august 1827, etter einast 119 dagar i embetet, den kortaste tenestetida til ein britisk statsminister før Liz Truss i 2022.

Kjelder

endre