George Washington
George Washington (22. februar 1732–14. desember 1799) var den fyrste presidenten i USA. Han sat som president frå 1789 til 1797. I tillegg til rolla som politikar var Washington også plantasjeeigar og militærleiar.
George Washington | |||
| |||
President i USA | |||
Periode | 30. april 1789–4. mars 1797 | ||
---|---|---|---|
Parti | Føderalistpartiet | ||
Fødd | 22. februar 1732 i Westmoreland County i kolonien Virginia | ||
Fødestad | Westmoreland County | ||
Død | 14. desember 1799 i Mount Vernon i delstaten Virginia | ||
Dødsstad | Mount Vernon | ||
Mor | Mary Ball Washington | ||
Far | Augustine Washington | ||
Ektefelle | Martha Washington | ||
Barn | Ingen | ||
Medlem | frimureri American Philosophical Society American Academy of Arts and Sciences Société d'agriculture de Paris Society of the Cincinnati | ||
Føregangar | Ingen | ||
Etterfølgjar | John Adams |
Oppkalla etter George Washington
endreHovudstaden i USA, Washington, DC, er oppkalla etter han. District of Columbia vart oppretta gjennom eit vedtak i kongressen i 1790. Washington var mykje med på opprettinga, irekna plassering av det kvite huset. Washington-monumentet er eit av dei mest kjende landemerka i byen og vart bygd til ære for han. Universitetet George Washington University vart oppkalla etter han. Det økonomiske grunnlaget for universitetet var mellom anna aksjar som George Washington hadde gjeve for å oppretta eit nasjonalt universitet i byen.
Delstaten Washington ligg nord i USA på Stillehavskysten. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president.
Washington valde West Point i New York til stad for militærakademiet i USA. Marinen i USA har oppkalla tre skip etter president Washington.
Andre døme inkluderer George Washington Bridge, som går mellom New York City og New Jersey.
Føregangar |
President i USA 1789–1797 |
Etterfylgjar John Adams |