Gjere og Freke

(Omdirigert frå Gere og Freke)

Gjere og Freke er i norrøn mytologi namna på Odin sine to tamme ulvar. Namna tyder noko nær «gråde» og «råskap». Odin har sjølv temja dei, og dei lyder han som hundar.

Odin (1825-1827) av H.E. Freund. Skulptur av guden med ulvane ved føtene.

Snorre Sturlason i Gylvaginning gjev inntrykk av at det er desse ulvane Odin gjev all maten han blir servert i Valhall. Odin treng ikkje sjølv mat, han kan klara seg berre på vin.

Ulvane vert og nemnd i Grimnesmål (tala til Grimne). Grimne er eitt av Odin sine mange namn.

Gjere og Freke
mettar geir-hæve
fræge Herjafar;
men av vin einast
våpen-gjæve
Odin alltid lever.[1]

Kjelder

endre
  1. «Grimnesmål – heimskringla.no», www.heimskringla.no, henta 22. juni 2021