Gertrude Atherton

Gertrude Franklin Horn Atherton (30. oktober 185714. juni 1948) var ein amerikansk forfattar.

Gertrude Atherton

Statsborgarskap USA
Fødd 30. oktober 1857
San Francisco
Død

14. juni 1948 (90 år)
San Francisco

Yrke romanforfattar, skribent, faglitterær forfattar, manusforfattar, forfattar
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Gertrude Atherton på Commons

Atherton tilhøyrde ein gammal amerikansk familie på farssida, og stamma frå ein bror av Benjamin Franklin på morssida. Ho fekk ei god utdanning, og budde lange tider i Europa. I ei rekke romanar skildra ho California i eldre og nyare tid, som i The Doomswoman (1892), The Californians (1898, svensk omsetjing 1900), American wives and English husbands (1898, svensk omsetjing 1900), The splendid idle forties (1902), Rézanov (1906) og The sisters-inn-law (1921). Ho henta motiv frå europeisk og amerikansk liv til Senator North (1900, svensk omsetjing 1901), Rulers of kings (1904), The gorgeous isle (1908, svensk omsetjing 1919), The tower of ivory (1910) og The sophisticates (1931). Ei reise i Hellas gav henne inspirasjon til å skildra antikken. The immortal marriage (1927) handlar om Aspasia, The jealous gods (1928) om Alkibiades. Dido, queen of hearts har òg antikt motiv. Andre verk av Atherton er mellom anna The adventures of a novelist (1932), Can women be gentlemen? (1938) og Horn of life (1942).

Kjelder

endre