Gesher HaZiv
Gesher HaZiv (גֶּשֶׁר הַזִּיו, tyder Praktbrua) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Vest-Galilea langs kysthovudvegen mellom Nahariya og den libanesiske grensa, ovanfor Akhziv nasjonalpark, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2010 hadde han eit folketal på kring 1 400.
Gesher HaZiv | |||
גֶּשֶׁר הַזִּיו | |||
kibbutz | |||
Namneopphav: Praktbrua | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Galilea | ||
Kommune | Mateh Asher | ||
Koordinatar | 33°2′20.4″N 35°6′40.67″E / 33.039000°N 35.1112972°E | ||
Folketal | 1 614 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Immigrantar frå nordamerikanske Habonim og tidlegare medlemmar frå kibbutz Beit HaArava | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Gesher HaZiv 33°02′20″N 35°06′41″E / 33.039°N 35.111297222222°E | |||
Kart som viser Gesher HaZiv.
| |||
Wikimedia Commons: Gesher HaZiv | |||
Nettstad: www.gesher-haziv.org.il |
Historie
endreKibbutzen vart grunnlagd i 1949 av to grupper: 120 immigrantar frå den sionistiske ungdomsrørsla Habonim i Nord-Amerika, og halvparten av den tidlegare kibbutzen Beit HaArava, som vart evakuert under den arabisk-israelske krigen 1948. Han har fått namn til minne om dei 14 Palmach-medlemmane som vart drepne under brigadenatta i 1946, og i forhold til ein eldgamal fønikisk og arabisk landsby kalla Achziv. Ruinane av denne ligg i nærleiken og er ein del av ein nasjonalpark.
I juli 1998 vart Gesher HaZiv privatisert og i 2004 kom 200 nye familiar til kibbutzen i eit nytt bustadområde.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gesher HaZiv» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Kibbutz website (he)