Beit HaArava (hebraisk skrift בֵּית הָעֲרָבָה, tyder Aravahuset) er ei israelsk busetjing og kibbutz på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Daudehavet og Jeriko og er underlagt Megilot regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Beit HaArava
בֵּית הָעֲרָבָה
kibbutz
Namneopphav: Aravahuset
Land  Israel
Region Arabah
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Megilot
Koordinatar 31°48′29.51″N 35°28′32.87″E / 31.8081972°N 35.4757972°E / 31.8081972; 35.4757972
Grunnlagd 1939 (original)

1980 (ny)

 - Grunnlagd av Youth Aliyah-medlemmar
Kart
Beit HaArava
31°48′30″N 35°28′33″E / 31.808197222222°N 35.475797222222°E / 31.808197222222; 35.475797222222
Wikimedia Commons: Beit Ha'arava

Historie endre

Landsbyen vart første gongen grunnlagd i 1939 av europeiske medlemmar av sionistiske ungdomsrørsler som hadde flykta frå Nazi-Tyskland til Palestinamandatet via Youth Aliyah.[2] David Coren, som seinare vart medlem av Knesset, var av grunnleggjarane. Staden vart kalla opp etter den bibelske landsbyen med same namnet, som låg på Aravasletta, og tyder «Huset i ørkenen».[3] I følgje the Jewish National Fund vart kibbutzen kjend for eksperimenta sine innan landvinning, og innbyggjarane dyrka på jord som aldri tidlegare hadde blitt oppdyrka.[3]

I 1947 hadde Beit HaArava eit folketal på over 200.[3] Den 20. mai 1948, etter eit mislukka forsøk på å kome til ei semje med kongen av Transjordan, Abdullah, vart Beit HaArava og den nærliggande Kalia fråflytta fordi dei låg isolert til under kampane i den arabisk-israelske krigen i 1948. Innbyggjarane vart evakuerte til den israelske stasjonen ved Sodom.[4] Kibbutzen vart sidan delt i to grupper som i 1949 grunnla kibbutzane Gesher HaZiv og Kabri i Vest-Galilea.

I 1980 vart Beit HaArava grunnlagd på ny som ein Nahal-utpost. Han vart eit sivilt samfunn i 1986. I 2000 vart landsbyen flytta 5 km vestover.

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  2. «Beit HaArava: Blooming i salty earth». Ynet. 13. mai 2005. Henta 4. september 2015.  (he)
  3. 3,0 3,1 3,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 18. 
  4. ed. Nur, Eviatar, red. (1978). Carta's Atlas of Israel - The First Years 1948-1961. Jerusalem i Israel: Carta.