Gianni Versace
Gianni Versace (2. desember 1946–15. juli 1997) var ein italiensk moteskapar som grunnla motehuset Versace. Versace var ein karismatisk og anerkjent moteskapar som mellom anna var inspirert av moderne kunst.
Gianni Versace | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 2. desember 1946 Reggio di Calabria |
Død |
15. juli 1997 (50 år) |
Yrke | gründer, designar, kostymedesignar, motedesigner, sydame |
Språk | italiensk, engelsk |
Partnar | Antonio D'Amico |
Nettstad | https://www.versace.com |
Gianni Versace på Commons |
Gianni Versace var fødd i Reggio di Calabria i Italia. Han studerte arkitektur før han 25 år gammal flytta til Milano for å jobba med motedesign. I 1978 presenterte han sin første damekolleksjon i sitt eige namn ved ei motevising i Milano. I 1982 vann Versace den første av ein lang rad utmerkingar som «beste moteskapar» for sin vinterkolleksjon 1982/1983. Versace samarbeidde med den verdskjende operaen La Scala i Milano, og utforma kostyme for ballettar. Han laga klede og kostymer til ei rekkje filmar og TV-seriar, mellom anna Judge Dredd, Showgirls og Miami Vice. Vidare brukte Versace kjendisar som Madonna, Bon Jovi og Tina Turner som modellar, både på catwalken og i annonsane sine.
Versace blei skoten og drepen den 15. juli 1997 utanfor heimen sin i Miami Beach i Florida. Åtte dagar seinare blei den mistenkte drapsmannen funnen død i eit båthus i Miami etter å ha tatt sitt eige liv. Drifta av motehuset Versace, som då Gianni Versace døydde var verdt 807 millionar dollar, blei teken over av syster hans, Donatella Versace.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gianni Versace» frå Wikipedia på bokmål, og «Gianni Versace» frå Wikipedia på svensk den 11. mars 2013.