Gimsøystraumen bru

Gimsøystraumen bru (Gimsøybrua) er ei fritt frambygg-bru som kryssar Gimsøystraumen mellom Austvågøya og Gimsøya i Nordland. Brua er 839 meter lang og har eit hovudspenn på 148 meter og seglingshøgde 30 meter. Brua har 9 spenn. Ho vart opna i 1981 og er ein del av europaveg 10. Saman med Sundklakkstraumen bru (opna 1976) erstatta ho ferjestrekninga mellom Lyngvær på Austvågøya, SmortenVestvågøya og Sundklakk på Gimsøya. Ferjesambandet hadde vore i drift sidan 1955.

Gimsøystraumen bru
Gimsoystraumen Bridge Lofoten 2009.JPG
Gimsøystraumen bru sett frå Gimsøya.
Typebru
StadVågan
Opna1981
StrekningEuropaveg 10
Lengd839,5 meter
Største spenn148 m
KryssarGimsøystraumen
Materialebetong

Gimsøystraumen bru
68°15′44″ N 14°15′16″ E

KjelderEndra

Denne artikkelen byggjer på «Gimsøystraumen bru» henta frå Wikipedia på bokmål 9. mars 2008.