Gina Andersen-Moen

norsk syar

Gina Andersen-Moen (5. mai 18571949) var ein norsk syar og næringsdrivande frå Mogreina i Ullensaker. Ho dreiv i mange år ei stor syarforretning i Drammensveien i Oslo. Utanom arbeidet var ho gjennom livet engasjert i ei rekke foreiningar og lag.

Gina Andersen-Moen

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1857
Ullensaker
Død

1. desember 1949 (92 år)
Ullensaker

Yrke syar
Far Johan Andersen
Mor Anne Kristi Olesdatter

Tidleg liv og karriere endre

Gina Andersen-Moen vart fødd 5. mai 1857 som nr. 3 i ein søskenflokk på 12 på garden Møllerstad i Mogreina i Ullensaker kommune. Ho var dotter av Johan Andersen, som arbeida som bonde og blekkslagar. Mora Anne Kristi Olesdatter var husmor på garden, og passa på at barna lærte seg nyttige ferdigheiter og sjølvhjelp. Frå ho lærte Gina i tidleg alder å spinne, veve, sy og brodere.[1][2] Av dei 5 døtrene på Møllerstad var Gina faren Johan sin klare favoritt, og ho var ofte med i verkstaden hans som hans «lille arbeidskamerat» frå ho var 9 år gammal. I tillegg hadde faren den lokale stillinga som vegvaktar (rodemeister) i bygda. Òg i dette arbeidet var Gina med, då som kontorist, og verka som vikar for faren når han ikkje var til gards. I dette arbeidet med faren og resten av familien lærte ho å vere arbeidsam og nøysam, og fekk i tillegg ein teft for organisatorisk arbeid.[2]

Barna på Møllerstad fekk i bygda rykte på seg for å vere flittige og flinke til det meste, inkludert det å sy klede. Då ei rik godseigar-frue frå ein storgard i nærleiken oppdaga at Gina hadde særleg talent for dette, blei ho bedt om å bli med til Christiania for å vidareutvikle ferdigheitene sine.[2][3] Den 4. januar 1885 etablerte Andersen-Moen si første systove i Nedre Slottsgate.[4][2] Ho hadde på dette tidspunktet ingen formell utdanning som syerske, men fekk etter kvart høve til å reiste til Paris for å gå i lære. Dette gjorde ho med ei støtte på 1400 kroner frå familien.[2]

Då ho kom tilbake til Christiania fekk to raskt rykte på seg for å vere den beste syaren i byen, og fekk mange oppdrag frå kundar blant hovudstaden sitt høgare sjikt. Etter kvart som oppdraga blei fleire etablerte ho ei større systove i Drammensveien 6, og seinare i nummer 26B.[2][3] Denne verksemda vaks raskt, og Andersen-Moen hadde på det meste 70-80 tilsette under si leiing.[1][3] I tillegg til å sy klede til kundar i Oslo og resten av Noreg, hadde verksemda kundar i utlandet, og sendte varene sine så langt som Amerika og Japan. Sjølv reiste Andersen-Moen ofte på tur i Europa for å hauste inspirasjon.[2]

Seinare liv, engasjement og ettermæle endre

Gina Andersen-Moen var aktiv i norsk foreiningsliv, og sat med fleire verv i forskjellige organisasjonar. Ho engasjerte seg særleg i misjon- og avhaldsrørsla.[1]

Medan Andersen-Moen hadde ein lang karriere og eit liv i hovudstaden, hadde ho framleis eit sterkt forhold til slekta og heimbygda si i Ullensaker. Før ho selde forretninga si i 1920 hadde ho bygd seg ein villa i Mogreina eit lite stykke frå barndomsheimen, og budde der størsteparten av tida frå då ho pensjonerte seg og fram til ho døyde. Denne villaen kalla ho for «Bjørtomthagan».[1]

Ho gav store summar til bygginga av Mogreina kyrkje i 1911-1912, spesifikt bidrog ho med midlar til inventar og utsmykkinga i koret.[5] Då kyrkja vart vigsla 12. juli 1912 var Gina Andersen-Moen fadder for det første barnet som blei døypt. Då det vart planlagt å byggje gravkapell til kyrkja i 1937, sat Gina Andersen-Moen i byggjekomiteen og sette i gang ei pengeinnsamling der ho sjølv bidrog med mesteparten av midlane. På 90-årsdagen i 1947 vart ho hylla som bygda si store dotter, og fekk helsingar frå heimkommunen og hovudstaden.[5] Gina Andersen-Moen døydde to år seinare og vart gravlagd ved Mogreina kyrkje.[1] Andersen-Moen har i dag eit legat oppkalla etter seg, som blir delt ut til ungdom i Ullensaker til hjelp til utdanning innan praktisk arbeid.[6]

Fleire kjolar og andre plagg som er designa og produsert av Andersen-Moen er i dag på utstilling i fleire norske museum, blant anna hjå Nasjonalmuseet.[7][8]

Verv endre

  • Rebekkalogen St. Sunniva, formann
  • Oslo systuechefers forening, leiar
  • Oslo kommunale kvinnelige skredderskole, medlem av tilsynsnemnda
  • Goodtemplarlosjen, høgste grad
  • Hvitebånds mødrehjem, formann
  • Mogreina kvinneforeining, formann

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Vikne, Kr. (1961). Ullensaker. Oslo. s. 34-45. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Duus, Caia (1925). Rogstad, A., red. Kjente menn og kvinner. Oslo: Dybwad. s. 19-24. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Kjellberg, Anne (2000). Mote. Huitfeldt forl. s. 86-87. ISBN 8270032433. 
  4. Andersen-Moen, G. (1914). Mørck, Fredrikke, red. Norske kvinder. Kristiania: Berg & Høgh. s. 441. 
  5. 5,0 5,1 Dæhlie, Bjørg Vikne (2012). Mogreina kirke 100 år. [Mogreina]: Mogreina menighetsråd. s. 26-28. ISBN 9788230319598. 
  6. «Gina Andersen Moens legat», Mogreina menighet (på norsk bokmål), henta 21. september 2021 
  7. «Gina Andersen-Moen, Innehaver, Kongelig hoffsyerske, Mestersyerske, Syerske», Nasjonalmuseet (på norsk bokmål), henta 30. september 2021 
  8. «Andersen-Moen, Gina (1857 - )», digitaltmuseum.org, henta 30. september 2021