Opna hovudmenyen

Giovanni Battista Moroni (15255. februar 1578) var ein italiensk målar som var aktiv under seinrenessansen. Han var fødd ein gong mellom 1520 og -25 i Albino ved Bergamo, og han døydde same staden 5. februar 1578. Moroni er særleg akta for sine røyndomsnære portrett av den lokale eliten.

Giovanni Battista Moroni
Fødd 1525
Albino
Død

5. februar 1578
Bergamo

Yrke kunstmålar
Giovanni Battista Moroni på Commons
Hertugen av Albuquerque, 1560
Kvinne i raudt (1556-60)

Liv og gjerningEndra

Moroni, som var son til ein arkitekt, var frå 1540 elev av målaren Moretto i Brescia. I yngre år var han hovudassistenten til Moretto. Under begge Trent-konsila, 1546-48 og 1551-53, arbeidde han i byen. Der tok han oppdrag som portrettmålar, og laga også nokre altartavler.

Sine beste år hadde Moroni i Bergamo mellom 1557 og 1562, der han var ein etterspurd portrettør. Sidan flytta han tilbake til Albino, og måla då mange altartavler. Nokre av desse arbeida finst i Milano, men dei fleste er i områda kring Albino og Bergamo. Altartavlene er likevel ikkje mellom de beste arbeida hans, då han i stor grad fylgde læraren sin i utforminga av desse.

Moroni er absolutt mest kjend for sine sjelfulle portrett, måla i ein manieristisk stil. Ofte er bileta forma slik at dei gir ein karakteristikk av yrket til personen.

KjelderEndra

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon