Giset på Ertvågsøya

(Omdirigert frå Gisetsetra)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Giset på Frosta.

Giset er ein gard på austsida av Ertvågsøya i Aure kommuneNordmøre. Han har gardnummer 4 i Aure. Garden ligg ved det såkalla Gisetsvaet ved nordenden av Mjosundet og grensar til Setervika (gnr. 3, bnr. 2) og Klaksvika (gnr. 3 bnr. 1) i nord og Sundsbøen i sør. Truleg var garden også ei tid tid enkjesæte for prestane i Aure.

Giset på Ertvågsøya
Kart
Giset
63°15′10″ N 8°28′38″ E

Gisetsetra endre

Så langt ein kjenner til er dei skriftlege kjeldene tause kva gjeld seterbruk på Gisetgarden. I følgje Todal (1963) er ikkje seter nemnd i nokon av dei kjende matrikkelutkasta som har vore laga, det første i 1723.[1] Det er difor usikkert når det vart etablert seterdrift på garden. Derimot veit ein så om lag når drifta vart avvikla.

Det skulle vera i den tida at lensmann Angel Landmark åtte garden at setra på Giset vart nedlagd. Dette var rett etter år 1900 etter det som tidlegare eigar Ola Eines, fortalde. Fjøset vart rive og oppsett som sommarfjøs øvst oppe på sommarfjøsekra på garden. I dag er det berre ruinane å sjå etter denne bygningen. På staden der setra stod er det framleis nokre novsteinar å sjå, og eit par rognetre, så staden er på ingen måte lett å finna fram til.

Kjelder endre

  1. Todal, A., Gardtales i Aure, Band I., 1963.
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.