Mjosundet

sund i Møre og Romsdal

Mjosundet er eit sund mellom Rottøya og Ertvågsøya i Aure kommune i Møre og Romsdal.

Mjosundet og Grisvågøya lengst i bakgrunnen

Mjosundbrua kryssar sundet og er ein del av vegsambandet mellom fastlandet og Ertvågsøya. Mjosundbrua er 346 meter lang. Ho vart opna i 1995 og er ein del av riksveg 680.

Namnet Mjosundet blir òg bruka om den bygda som ligg langsetter sjølve Mjosundet.

Gardar i Mjosundet endre

Om ein definerer Mjosundet litt vidt, så kan ein hevda at følgjande hovudbruk ligg i Mjosundet, frå sør mot nord; Hållå, el. Espvika, gnr. 8. Djupbugen og Sundsbøen, gnr. 7. Rottøya gnr. 6. Lurvika gnr. 5. Giset, gnr. 4. Klaksvika, gnr. 3. Ånesbugen, gnr. 2 og Ånesset, gnr. 1.

Dei fleste av desse gardane var frå gamalt mensalgods. Det vil seia at leigeinntekta skulle tilfalla presten i Aure. Rottøya hadde delt landskyld mellom prest og kyrkje, medan Espvik eller Hållå, så langt attende vi kjenner eigedomshistoria, var krongods og truleg utskild frå Ertvågen. I Aslak Bolts jordebok frå om lag 1430 er det nemnd ein gard som vert kalla Sunde i området Mjosundet. Truleg kan denne garden ha omfatta både Sundsby, Lurvika og Rotøya i eldre tid (før svartedauden). Garden som er nemnd framom Sunde er Bergfall og som neste gard er nemnd Giset (Gisætre).

Industri endre

Kjende mjosynningar endre

Kjelder endre

  • Todal, A., 1963.
  • Munch, P. A., Aslak Bolts Jordebog, Kristiania, 1852.

Bakgrunnsstoff endre