Eit gissel er nokon som gjennom sin eigen person må garantere for at andre oppfyller ein lovnad eller eit krav, som ei form for pant eller pressmiddel. Det å ta gislar er blant anna nytta av terroristar, politiske ekstremistgrupper eller av kriminelle for å presse igjennom krav, som til dømes fritt leide eller pengeutbetaling.[1]

Gisseltaking blei mykje brukt i oldtida og mellomalderen, særleg for å sikra oppfylling av avtalar om fred. Statleg gisseltaking eksisterer også i dag i totalitære stater, som eit politisk tvangsmiddel.[1]

Genèvekonvensjonen av 1949 fastset at gisseltaking er forbode i krig ved artikkel 34, og i borgarkrig ved artikkel 3. I 1979 vart det vedteke ein konvensjon i SN som var retta mot gisseltaking.[1]

Etymologi endre

«Gissel» kjem av norrønt gísl som er avleidd av germansk *gísla- som truleg er av keltisk opphav, jamfør gammalirsk gell ('pant, tryggleik'), irsk giall ('gissel') og walisisk gwystl ('pant, gissel'). Den keltiske forma kan muligens vere avleidd av indoeuropeisk *gheidh-, 'begjær'.[2]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Gissel». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 18. mai 2016. 
  2. de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok. Kagge forlag AS, 5. opplag (2014). s. 986