Gisseldramaet i Beslan

Gisseldramaet i Beslan fann stad mellom den 1. september og den 3. september 2004 då Barneskule nummer 1 i byen Beslan i Nord-Ossetia i det sørlege Russland vart kringsett av terroristar. Over 1 100 menneske vart tekne til fange, av dei 777 barn.[1] Etter tre dagar var gisseldramaet over som ei følgje av skotveksling mellom terroristane og russiske tryggingsstyrkar, der minst 334 menneske vart drepne, av desse 186 born.[2] I tillegg vart 31 gisseltakarane også drepne.[3] Hundretals andre vart såra eller skadde. Fleire av gisseltakarane vart lynsja av den opphissa folkemengda. Den einaste av gisseltakarane som overlevde, tsjetsjaneren Nurpasji Kulajev, vart seinare åtala mellom anna for mord og terrorisme. Den tsjetsjenske separatistleiaren og terroristen Sjamil Basajev tok seinare på seg ansvaret for gisseltakinga.

Bilete av nokre av offera.

Gisseldramaet byrja på Kunnskapsdagen ved skulestart. Det er rekna som den dødelegaste skulemassakren i historia.[4]

Kravet til terroristane endre

 
Engelskspråkleg kart over Nord-Ossetia

Terroristane skal i byrjinga ha hatt følgjande krav:[treng kjelde]

  • At tsjetsjenske krigarar som tidlegare hadde vorte arrestert i Ingusjetia skulle frigjevast
  • At russiske troppar skulle trekkja seg tilbake frå Tsjetsjenia.
  • At det skulle innleiast forhandlingar mellom presidentane av Nord-Ossetia og Ingusjetia.

Etter oppløysinga av dramaet oppgav lækjaren Leonid Rosjal at han overleverte ei liste med krav frå terroristane til den tidlegare presidenten av Ingusjetia, Ruslan Ausjev. Innhaldet i denne lista er endå framleis ukjend. Ausjev var den einaste forhandlaren som var inne hjå gisseltakarane under dramaet.

Kronologi endre

Klokka 9.30, lokal tid, 1. september 2004, første dag etter skuleferien, kom ei gruppe på ca. 30 menn og kvinner i ein stolen GAZ-66-bil. Desse storma Barneskule nummer 1 i Beslan, ein skule med elevar på alder mellom sju og atten år. Dei fleste av terroristane bar svarte finlandshetter og nokre få vart observerte berande på sprengstoff i belta. Etter ei skotløysing mellom terroristane og politiet, der fem politifolk vart drepne, tok terroristane skulebygningen og omtrent 1 200 personar som gislar, dei fleste under fjorten år. Omtrent femti gislar lukkast i å rømma i tryggleik under det første angrepet. Det rådde då forvirring omkring kor mange som fanst att i bygninga. Offisielle kjelder tala om 350 gislar medan andre sa at det var så mange som 1 500. Seinare høyrdest meir skotløysing frå skulebygningane, noko enkelte meinte var for å skremma dei russiske tryggingsstyrkane. Det vart seinare avslørt at to kvinner hadde drepe tjue personar i ein skulekorridor den første dagen.

På den tredje dagen i dramaet verkar det som om nokre av gisseltakarane sine sprengladningar vart utløyste. Enkelte vitne sa at ei dårleg fest ladning i taket på gymnastikksalen fall ned og deretter detonerte sprengladningane. I tumultane etter eksplosjonane rømde ei gruppe gislar. Desse har seinare sagt at dei vart påskotne frå taket av gisseltakarane. Russiske styrkar skal då ha reagert med å storma bygninga.

Vitner sa at dei vart handsama med aukande brutalitet under dramaet. Alle vart nekta vatn og vart tvinga til å sitja stille tett samanpakka i ein svært varm gymnastikksal.

Russiske og nordossetiske styresmakter har vorte sterkt kritiserte for den katastrofale utviklinga dramaet fekk. Under dei avsluttande tumultane lukkast fleire gisseltakarar i å ta seg ut av bygninga. Sivile og uvedkomande var òg rett i nærleiken til bygninga og ifølgje meldingar hadde væpna sivile òg delteke i storminga av bygningen.

Beslan har ein blanda folkesetnad og mellom offera fanst både muslimar, ortodokse og andre kristne.

Rettsleg etterspel endre

Den einaste kjende overlevande av gisseltakarane, Nurpasji Kulajev, som var 24 år då gisseldramaet fann stad, vart 26. mai 2006 dømd til livsvarig fengsel for mord, terrorisme og kidnapping.[5] Kulajev utpeikte under rettssaka Sjamil Basajev som hjerna bak udåden. Kulajev nekta for tiltale og hevda under rettssaka at han hadde vorte rekruttert til aksjonen med opplysning om at målet for angrepet var ein militær postering i Beslan.

Kulajev forsvann seinare i det russiske fengselsvesenet.[6]

Kjelder endre

  1. 31 August 2006: Beslan – Two Years On, UNICEF
  2. «Putin meets angry Beslan mothers». BBC News. 2. september 2005. Arkivert frå originalen 4. september 2017. Henta 28. juli 2006. «Of those who died, 186 were children.» 
  3. «Woman injured in 2004 Russian siege dies». The Boston Globe. 8. desember 2006. Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 9 January 2007. «bringing the total death toll to 334, a Beslan activist said. ... Two other former hostages died of their wounds last year and another died last August, which had brought the overall death toll to 333 -- a figure that does not include the hostage-takers.» 
  4. «Russian Children Return to School on 'Day of Knowledge'». The Moscow Times (på engelsk). 1. september 2021. Arkivert frå originalen 25. september 2021. Henta 25. september 2021. 
  5. «Beslan attacker jailed for life». BBC News. 26. mai 2006. Arkivert frå originalen 17 November 2006. Henta 29. juli 2006. 
  6. Head of Beslan commission to check information on Kulaev's death, Memorial, 5. januar 2007.

Litteratur endre