Ingusjetia
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Magas | ||||
Areal - Totalt |
Rangering:81. 4000 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 73. | ||||
Føderalt distrikt | Sørlege | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 06 | ||||
Offisielt språk | Russisk, ingusjisk | ||||
President | Mahmud-Ali Kalimatov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Ingusjetia (russisk Республика Ингушетия, ingusjisk ГIалгIай Мохк) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magas, arealet er 4000 km² og innbyggjartalet 413 000 (2008). Ingusjetia er det minste føderasjonssubjektet i Russland, med unntak av byane Moskva og St. Petersburg. Republikken vart danna i 1991, då den tidlegare Tsjetsjeno-ingusjetiske republikken vart delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I motsetning til Tsjetsjenia gjekk Ingusjetia friviljug med i den nye russiske føderasjonen. Republikken vart dermed spart for full krig, som i naborepublikken. Mange flyktningar frå krigen i Tsjetsjenia har kome til Ingusjetia.

Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 40 terrorhandlingar i Ingusjetia, og desse førte til åtte dødsfall og 78 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2] Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side. I 2008 kom det òg til opptøyar i den største byen Nazran, då tryggingsstyrkane slo ned opptøyar frå opposisjonen si side.[3]
Folkesetnad endre
Den einaste større byen er Nazran (132 200 ibuarar), som var hovudstaden fram til 2000.
Den største folkegruppa i Ingusjetia er ingusjar. Ifølgje folketeljingane endra den etniske samansetjinga i republikken seg kraftig frå folketeljinga i 2002 til den i 2010 - I 2002 vart det oppgitt at 77,3 var ingusjar og 20,4 tsjetsjenarar. I 2010 var det under ein fjerdedel så stor del tsjetsjenarar, mens delen ingusjarar hadde auka til over 90 %. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]
- Ingusjar: 93,5 %
- Tsjetsjenarar: 4,5 %
- Russarar: 0,8 %
Fotnotar endre
- ↑ 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011
- ↑ "Ingushetia Crisis Deepens" frå "Institute for War & Peace Reporting Arkivert 2014-01-01 ved Wayback Machine. på engelsk, 13. februar 2008, lese 18. januar 2011
Bakgrunnsstoff endre
- Republikken sine offisielle heimesider (ru)
- Ingushetiya.ru, uavhengig internettportal Arkivert 2008-02-12 ved Wayback Machine. (en)
- Artikkel frå NUPI (en)