Giuliana Minuzzo (26. november 193111. november 2020) var ein italiensk skirennar frå Vallonara di Marostica i Vicenza-provinsen som vann to OL-bronsar og ein VM-bronse under dei olympiske leikane 1952, 1956, 1960.

Giuliana Minuzzo

Statsborgarskap Italia
Fødd 26. november 1931
Vallonara
Død

11. november 2020 (88 år)
Aosta

Yrke alpinist
Språk italiensk
Giuliana Minuzzo på Commons

Aktiv endre

Minuzzo vann bronsemedaljen i utfor under Vinter-OL 1952 i Oslo, einast austerrikske Trude Jochum-Beiser og Mirl Buchner frå Tyskland rann fortare. I slalåm delte ho åttandeplassen med same Jochum-Beiser.

Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vart det ingen olympisk medalje på Minzzuo, men to fjerdeplassar og ein 13. plass i storslalåm, hjelpte henne til VM-bronse i kombinasjonen, ei tevling basert på prestasjonane i dei olympiske tevlingane.

Minuzzo tok sin andre olympiske bronsemedalje då ho under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley vart nummer tre i storslalåm, høvesvis tre og to tidels sekund bakom Yvonne Rüegg frå Sveits og Penny Pitou frå USA. I slalåm vart ho nummer ti.

Kjelder endre

  • (en) Giuliana Minuzzo – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.