Mirl Buchner
Annemarie Buchner-Fischer, kjend som Mirl Buchner, (16. februar 1924–9. november 2014) var ein tysk skirennar frå Ettal i Bayern som vann medaljar i alle dei tre alpine greinene under vinterleikane 1952 i Oslo.
Mirl Buchner | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 16. februar 1924 Ettal |
Død |
9. november 2014 (90 år) |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Mirl Buchner på Commons |
Aktiv
endreBuchner deltok i dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952 og tok medalje i alle øvingane. Etter å ha teke bronsemdaljen i storslalåm på Norefjell, kom ho på andreplass i utfor, ni tidels sekund bakom Trude Jochum-Beiser frå Austerrike. Sidan sikra ho seg i Rødkleiva ein bronsemedalje også i slalåm.
Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart ho nummer fire i storslalåm, og nummer 14 i utfor. Tidlegare i same sesongen vann ho storslalåm-tevlinga i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel i Austerrike.
Kjelder
endre- (en) Mirl Buchner – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Denne artikkelen bygger på «Mirl Buchner» frå Wikipedia på tysk, den 16. desember 2014.