Giuseppe Torelli
Giuseppe Torelli (fødd 22. april 1658 i Verona i Italia, død 8. februar 1709 i Bologna i Italia) var ein italiensk fiolinist, pedagog og komponist, som vert vurdert med Arcangelo Corelli blant utviklarane av den barokke concerto og concerto grosso.
Giuseppe Torelli | |
![]() | |
Fødd | 22. april 1658 |
---|---|
Fødestad | Verona i Italia |
Død | 8. februar 1709 (50 år) |
Dødsstad | Bologna i Italia |
Opphav | Republikken Venezia |
Periode | Barokken |
Sjanger | Kammermusikk, solokonsertar |
Verka som | Komponist |
Torelli er først og fremst hugsa for bidraga sine til utviklinga av den instrumentale concerto, særleg concerti grossi og solo concerto, for strykarar og continuo, så vel som å vere den mest produktive barokkomponisten for trompetar.
Han er akta av mange som éin av dei største italienske komponistane og fiolinistar nokosinne. Torelli vart fødd i Verona. Det er ikkje kjent med kven han studerte fiolin, sjølv om det har vore spekulert i at han var ein elev av Giacomo Antonio Perti i Bologna. Då han var 26, den 27. juni 1684, vart han eit medlem av Accademia Filarmonica, som suonatore di violino. Han dirigerte capellaeit i katedralen San Petronio i Bologna, frå 1686 til 1695. Han var maestro di concerto for hoffet til Georg Friedrich II i åra 1698-99 der han presenterte eit oratorium (desember 1699), før han vendte attende til Bologna i 1701 for å verte fiolinist i cappella musicale i San Petronio.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Giuseppe Torelli» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2010.