Klassisk musikk
Mellomaldermusikk (476 – 1400)
Renessansen (1400 – 1600)
Barokken (1600 – 1760)
Rokokko (1720 – 1770)
Wienerklassisismen (1730 – 1820)
Romantikken (1815 – 1910)

Barokkmusikk skildrar ein stil i europeisk musikk i omtrent perioden 1600 til 1755.[1] Perioden starta etter renessansen og vart etterfølgd av klassisismen. Stilarten er knytt til komponistar som Johann Sebastian Bach, Antonio Vivaldi, Jean-Baptiste Lully, Arcangelo Corelli, Claudio Monteverdi, Jean-Philippe Rameau og Henry Purcell. I barokken vart funksjonell tonalitet til. I denne perioden nytta komponistar og dei utøvande musikarane meir utførleg musikalske utsmykkingar, gjorde endringar i den musikalske notasjonen og utvikla nye speleteknikkar på instrumenta. Barokkmusikken utvida storleiken, rekkevidda og kompleksiteten til den instrumental framføringa og opera vart grunnlagd som ein musikksjanger. Mange musikalske uttrykk og omgrep frå denne perioden er framleis i bruk i dag.

Stilar og former endre

Barokk suite endre

Den barokke suiten vart orkestrert med eller utan solistar.

Den barokke suiten starta generelt med ein fransk overture.

Ofte den første dansen i ein instrumental suite. Allemanden var ein særs populær dans som hadde opphavet sitt i renessansen, då han ofte vart kalla almain. Allemanden vart spelt i eit moderat tempo og kunne starte på eit vilkårleg taktslag i takten.

Couranten er ein livleg, fransk dans i tredelt takt. Den italienske utgåva vert kalla corrente.

Sarabanden er ein spansk dansk og ein av dei langsamaste av dei barokke dansane. Han er òg i tredelt taktog kan starte på eit vilkårleg taktslag i takten, men det andre taktslaget er vektlagt, slik at ein får ein karakteristisk «haltande» rytme, eller jambisk rytme.

Gigaen er ein livleg barokk dans i samansett takt, vanlegvis ein avslutta sats på i ein instrumental suite. Gigaen kan starte på eit vilkårleg taktslag i takten og er lett gjenkjenneleg på den rytmiske kjensla. Gigaen oppstod på Dei britiske øyane. Motparten i folkemusikk er ein gigg.

Desse fire dansetypane utgjer størstedelen av suitane på 1600-talet. Seinare suitar skyt inn andre satsar mellom sarabanden og gigaen:

Gavotten kan kjennast att med at han er i 4/4-takt og alltid startar på det tredje taktslaget. Dette kan stundom høyrast ut som det første taktslaget i somme tilfelle, sidan det første og det tredje taktslaget er dei sterkaste i firedelt takt. Gavotten vert spelt i moderat tempo, men kan stundom spelast raskare.

Bourréen liknar gavotten sidan han er i 2/2-takt og stundom starta på den andre halvtakten av det siste taktslaget i takten, noko som skapar ei anna kjensle til dansen. Bourréen vert oftast spelt i eit moderat tempo, men for enkelte komponistar, som Handel, vert han òg spelt mykje raskare.

Menuetten er kanskje den mest kjende av dei barokke dansane i tredelt takt. Han kan starte på alle taktslag i takten. I somme suitar er det ein menuett I og II spelt etter kvarandre, der menuett I vert repetert.

Passepieden er ein rask dans i todelt form og tredelt takt som oppstod som ein selskapsdans i Bretagne.[2] Døme kan ein finne i seinare suitar som dei til Bach og Handel.

Rigaudonen er ein livleg fransk dans i dobbelt takt, liknande ein bourrée, men rytmisk enklare. Han oppstod som ei gruppe nært knytt sørfranske folkedansar og er tradisjonelt knytt til provinsane Vavarais, Languedoc, Dauphiné og Provence.[3]

Barokken samanlikna med renessansen endre

 
Barokke instrument som dreielire, cembalo, kontrabass, lutt, fiolin og barokk gitar.

Barokkmusikk deler med renessansemusikken kraftig bruk av polyfoni og kontrapunkt. Han brukar derimot ofte andre teknikkar enn renessansemusikken.

Desse stilmessige skilnadane markerer overgangen frå ricercar, fantasia og canzona i renessansen til fuge, ei form som definerer barokken. Claudio Monteverdi kalla denne nyare, lausare stilen seconda pratica, og stilte han opp mot prima pratica som kjenneteikna motetten og anna kyrkjelege kormusikk av renessansekomponistar som Giovanni Pierluigi da Palestrina.

Det finst andre, meir generelle skilnader mellom barokken og renessansen. Barokkmusikk vart ofte skriven for virtuose songarar og instrumentalistar og er generelt vanskelegare å framføre enn renessansemusikk. Barokkmusikk inneheld mykje ornament, som ofte vart improvisert av den som framførte stykket. Instrumenta kom til å spele ei større rolle i barokkmusikk, og a cappella vart mindre viktig.

Andre kjenneteikn endre

  • Basso continuo - eit slags samanhengande akkompagnement skriven med eit nytt notasjonssystem, besifra bass, vanlegvis for bassinstrument og klaverinstrument.
  • Monodi - musikk for ei melodisk stemme med akkompagnement, vanleg tidleg på 1600-talet, særleg i Italia.
  • Homofoni - musikk med ein melodisk stemme og rytmisk liknande akkompagnement (dette og monodi står som motsetnad til typisk renessansestekstur, polyfoni)
  • Tekst over musikk - forståeleg tekst med instrumental akkompagnement som ikkje overdøyvde stemma.
  • Vokale solistar
  • Dramatiske musikalske uttrykk
  • Dramatiske musikkformer som opera, dramma per musica
  • Kombinasjon av vokal og instrument, som oratorium og kantate
  • Nye instrumentteknikkar, som tremolo og pizzicato
  • Klåre og lineære melodiar
  • Notes inégales, ein teknikk der somme notar med lik taktlengde ikkje vert spelt med ulik varigheit.
  • Arien
  • Ritornello-arie (repeterte korte instrumentale avbrot i vokale stader)
  • Concertato-stilen (kontrast i tone mellom orkester og soloinstrument eller små instrumentgrupper)
  • Presise instrumentalpartitur
  • Idiomatisk komponering for instrumenta: betre utnytting av dei unike eigenskapane til dei forskjellige musikkinstrumenta
  • Komposisjonar for virtuosar
  • Ornamentering
  • Utvikling til moderne vestleg tonalitet (dur- og mollskala)
  • Kadens - ein utvida virtuos del for solistar, vanlegvis nær slutten av ein sats i eit konsertstykket.

Sjangrar endre

Barokkomponistar skreiv i mange forskjellige sjangrar. Opera vart funne opp seint i renessansen og vart ei viktig musikkform i barokken med operaene til Alessandro Scarlatti, Handel og andre. Oratoriet nådde eit høgdepunkt med verka til Bach og Handel; opera og oratorium nytta ofte liknande musikkformer, som bruk av da capo aria.

I anna religiøs musikk vart messen og motetten noko mindre viktig, men kantaten blømde i verka til Bach og andre protestantiske komponistar. Virtuos orgelmusikk blømde òg med toccataer, fuger og andre verk.

Instrumentale sonatar og dansesuitar vart skrivne for individuelle instrument, for kammergrupper og for (mindre) orkester. Konsertstykka dukka opp, både i form av enkel solistar med orkester og som concerto grosso, der små solistgrupper står i kontrast til heile ensemblet. Den franske overturen, med både langsame og raske seksjonar, kasta glans over dei mange slotta dei vart framførte i.

Klaverstykke vert stundom berre skriven for behag og undervisning for den som spelte. Desse omfatta ei rekkje verk av den eldre Bach som vert rekna som det intellektuelle høgdepunktet i barokken, Das Wohltemperierte Klavier, Goldbergvariasjonane og Die Kunst der Fuge.

Vokal endre

Instrumental endre

Komponistar i barokken endre

Giovanni Battista PergolesiBaldassare GaluppiJohann Adolf HasseJohann Joachim QuantzPietro LocatelliGiuseppe TartiniJohann Friedrich FaschFrancesco GeminianiSilvius Leopold WeissGeorge Frideric HandelDomenico ScarlattiJohann Sebastian BachJean-Philippe RameauGeorg Philipp TelemannJan Dismas ZelenkaAntonio VivaldiTomaso AlbinoniJohann Caspar Ferdinand FischerFrancois CouperinAlessandro ScarlattiHenry PurcellMarin MaraisArcangelo CorelliJohann PachelbelHeinrich Ignaz BiberDieterich BuxtehudeMarc Antoine CharpentierJean-Baptiste LullyLouis CouperinJohann Jakob FrobergerHenri DumontGiacomo CarissimiSamuel ScheidtHeinrich SchützGirolamo FrescobaldiGregorio AllegriClaudio MonteverdiJan Pieterszoon SweelinckJacopo Peri

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Baroque music» frå Wikipedia på engelsk, den 2. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Little, Meredith Ellis. 2001a. «Passepied». The New Grove Dictionary of Music and Musicians, edited by Stanley Sadie and John Tyrrell. New York: Grove's Dictionaries.
    • Little, Meredith Ellis. 2001b. "Rigaudon". The New Grove Dictionary of Music and Musicians, edited by Stanley Sadie and John Tyrrell. New York: Grove's Dictionaries.
    • Mackay, Alison, and Craig Romanec. [n.d.] «Baroque Guide Arkivert 2011-07-28 ved Wayback Machine.». Tafelmusik.
    • Palisca, Claude. "Baroque", Grove Music Online, ed. L. Macy, (krev abonnement) Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine.
    • Strunk, Oliver. 1952. Source Readings in Music History. From Classical Antiquity to the Romantic Era.. London: Faber & Faber, s. 393-415, "Stile Rappresentativo".
    • Sachs, Curt. 1919. "‘Barokmusik". Jahrbuch der Musikbibliothek Peters 1919, 7–15.
  1. Palisca, Grove online
  2. Little 2001a.
  3. Little 2001b.

Bakgrunnsstoff endre