Gjelstad Pass
Gjelstad Pass er eit pass gjennom den vestlege delen av Allardyce Range på Sør-Georgia, mellom Mount Corneliussen og Smillie Peak. Det er det einaste passet ein kjenner til som gjev tilkomst over land til området sør for Allardyce Range. Det vart kartlagt av South Georgia Survey i perioden 1951–57. Passet vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter Anton Gjelstad, ein norsk ingeniør og fabrikkeigar, som mellom 1926 og 1932 fann opp forskjellig praktisk utstyr som forenkla kvalfangstinsdustrien, mellom anna kvalkloa som grip tak i halen på kvalane og haler dei opp slippen på kvalkokeria.[1]
Gjelstad Pass | |||
fjellovergang | |||
Land | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Allardyce Range | ||
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°17′S 36°57′W / 54.283°S 36.950°W | ||
Gjelstad Pass 54°17′00″S 36°57′00″W / 54.2833°S 36.95°W | |||
Kart som viser Gjelstad Pass.
|
Kjelder
endre- ↑ «Gjelstad Pass». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.