Gjennomslag
Gjennomslag var ei rockgruppe frå Bergen på starten av 1980-talet. Dei song på bergensk og var påverka av pønken. Gruppa hadde eit kort og intenst liv, ho vart starta i 1980, gav ut to langspelplater i 1981 og vart oppløyst i 1982. Originaloppsettet var den klassiske tremannskonstellasjonen gitar/song, bass og trommer. Svein Hovland spela gitar og song, Øyvind Larsen spela trommer og Trond Steinum var bassist. Gjennomslag konsertdebuterte på Hulen i Bergen i 1980. Den fyrste plata, Klare linjer, gav dei ut sjølve og ho førte til at plateselskapet EMI fatta interesse for dei og tilbaud dei platekontrakt, og same året kom Dyr i drift ut. Etter andreplata kom Leiv Tungesvik med som ekstra gitarist. Gjennomslag vart oppløyst i 1982 grunna musikalsk usemje i gruppa. Svein Hovland danna etter Gjennomslag gruppa Blind Date og Trond Steinum vart med i Lumbago. Hovland og Larsen gjenforeina Gjennomslag i 1990, då med Knut Aafløy på bass. Denne versjonen vert nedlagd i 1993. I 2011 gjorde Hovland det andre comebacket med Roar Ruus Finsås (bass, ex Radiofantomene) og Rune Kogstad (trommer, ex Logikal og Barbie Bones)
Medlemmer
endre- Svein Hovland – låtskrivar, gitar og song
- Øyvind Larsen – trommer
- Trond Steinum – bass
- Leiv Tungesvik – gitar
- Knut Aafløy – bass
- Roar Ruus Finsås – bass
- Rune Kogstad – trommer