Gjerdøya er ei øy i Rødøy kommune i Nordland. Ho ligg sør for Rødøya og nord for Rangsundøya. I aust ligg øya Renga.

Gjerdøya
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°37′13″N 13°01′12″E / 66.62028°N 13.02000°E / 66.62028; 13.02000

Høgaste punkt Fjellet (168 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Det høgaste punktet på øya heiter berre Fjellet og er på 168 meter over havet. Postnummeret til Gjerdøya er 8195 GJERØY.

Nordlandsekspressen mellom Sandnessjøen og Bodø har dagleg anløp av Gjerdøya.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.