Helgeland er ein region i Nordland fylke som går frå grensa til Nord-Trøndelag i sør og opp til Saltfjellet og området Salten i nord. Regionen har rundt 78 000 innbyggjarar og dekker litt under 18 000 km². Han omfattar kommunane Alstahaug, Bindal, Brønnøy, Dønna, Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Herøy, Leirfjord, Lurøy, Meløy, Nesna, Rana, Rødøy, Vefsn, Vega, Sømna, Træna og Vevelstad. Regionen har ikkje nokon eigen administrasjon, men kommunane har mykje samarbeid seg imellom. Namnet Helgeland har same opphav som «Hålogaland». Tidlegare blei òg Meløy kommune rekna å høyra til Helgeland, men i dag blir han sett på som ein del av Salten.

Nordhelgelandsflesa på grensa mellom Gildeskål og Meløy er tradisjonell nordgrense for Helgeland
Regionråda i Nordland. ██ Sør-Helgeland regionråd ██ Helgeland regionråd ██ Indre Helgeland regionråd

Geografi endre

Kystområda på Helgeland har ein vidstrekt skjergard med fjorder som strekker seg eit godt stykke innover i regionen. Innover mot grensa til Sverige finst det store skog- og fjellområde, med Oksskolten som det høgaste fjellet.

Bakgrunnsstoff endre