Glasgow Police Pipe Band

Glasgow Police Pipe Band er eit sekkepipekorps av fyrste klasse frå Glasgow i Skottland. Det blei grunnlagt i 1883 som Burgh of Govan Police Pipe Band, og hadde den største suksessen sin i tevlingar som Strathclyde Police Pipe Band.

Glasgow Police Pipe Band

Historie

endre
 
Burgh of Govan Police Pipe Band

Korpset var eit av dei fyrste sivile sekkepipekorpsa i Storbritannia då det blei danne i 1883 som Burgh of Govan Police Pipe Band.[1] Den fyrste i rolla som pipe major var William Bremer, som blei etterfølgd av Walter Drysdale i 1890, og som i sin tur blei etterfølgd av Alexander Hutcheon i 1898.[1] Korpset hadde godt omdøme, og blei anerkjent nasjonalt for kvaliteten sin.[2][3] Det hadde ein tartan som var utforma av politisjefen, og spelte to årlege konsertar for å samla inn pengar.[3]

Govan og Partick blei del av Glasgow i 1912, og korpset blei til City of Glasgow Police Pipe Band.[4] I 1913 blei Hutcheon erstatta av William Gray, ein gullmedaljevinnar, og tartan blei òg erstatta av Royal Stewart.[1] Korpset vann sitt fyrste VM i 1920, men på grunn av på andre arrangement enn denne konkurransen, vann bandet sitt neste VM fyrst i 1936.[1]

Gray blei etterfølgd av John MacDonald i 1932. Han hadde studert med Gray i mange år, og hadde òg vunne gullmedaljar. Han vann både på Argyllshire Gathering og Northern Meeting i løpet av ei veke.[1] Under MacDonald vann bandet VM i 1936, 1937, 1938 og 1939, og etter andre verdskrigen i 1946, 1949 og 1951.[1]

I 1975 blei Strathclyde Police danna ved ei samanslåing av fleire politistyrkar, og blei den nest største politistyrken i Storbritannia. Sekkepipekorpsa til dei ulike styrkane blei samla i Strathcleyde Police Pipe Band under leiing av Ian MacLellan.[5]

Under MacLellan og trommeslagerleiaren Alex Connell vann bandet VM i 1976 og 1979, og blei plassert på andre plass etter Dysart and Dundonald i 1977 og 1978.[5] Strathclyde Police vann så kvart år frå 1981 til 1986, og deretter fire gonger i rekkje frå 1988 til 1991.[5][6] I 1987 blei 78th Fraser Highlanders Pipe Band frå Canada det fyrste bandet frå utanfor Skottland til å vinna tittelen, og Simon Fraser Universitety, som òg var frå Canada, kom på andre plass, slik at Strathclyde Police enda opp på tredje plass.[7][8] Dei seks vinnartitlane på rad er blitt ståande som ein rekord, og det same gjer dei tjue totale titlane korpset har samla gjennom historia.[1]

I 2009 truga økonomiske kutt og ei avgrensing i talet på arrangement korpset kunne spille på framtida til Strathclyde Police Pipe Band.[9][10][11][12] Bradford og pipe-sergent Duncan Nicholson trekte seg i protest, men kom tilbake i januar 2010 etter at ein hadde fått på plass ein ny finansieringsavtale.[13]

I 2013 blei territorialpolitiet i Skottland samla i Police Scotland, og namnet til korpset blei endra til Greater Glasgow Police Scotland Pipe Band.[14][15] I 2016 blei namnet på korpset endra att til Glasgow Police Pipe Band.[16][17] I 2021 fekk Police Scotland eit felles sekkepipekorps under namnet Police Scotland & Federation Pipe Band.[18]

Som City of Glasgow Police Pipe Band

  • Selection of Strathspeys and Reels/Eightsome Reels - P/M J. MacDonald (Parlophone F.3355)
  • 6/8 Marches - P/M J. MacDonald (Parlophone F.3369)
  • Marching With The Pipers - P/M A. MacDonald (1966)
  • Scottish Pipe Band Music - P/M R. Lawrie (Olympic 6145)
  • The Choice of Champions - P/M R. Lawrie (1968)
  • Scotland's Best, Vol. 1 - P/M R. Lawrie (1970)
  • Scotland's Best, Vol. 3 - P/M R. Lawrie (1971)
  • Glasgow Police March Past (1972)

Som Strathclyde Police Pipe Band

  • World Champions - P/M I. MacLellan (1980)
  • Champion of Champions (Champions of the World) - P/M I. MacLellan (1983)
  • Six in a Row (1981-1986) - P/M I. MacLellan (1986)
  • Solo Pipers, Quartet and Mini Band (1991)
  • Pipes, Drums & A Glasgow Girl (2006) - with Joann Gilmartin

Som Greater Glasgow Police Scotland Pipe Band

  • Ceolry - P/M D. Nicholson (2015)

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Band History – The Early Years». glasgowpolicepb.org. Henta 15. juni 2015. 
  2. The Celtic Monthly: A Magazine for Highlanders. A. Sinclair. 1905. 
  3. 3,0 3,1 Manson, William Laird (1901). The Highland bagpipe. s. 293. ISBN 978-5-87701-213-4. 
  4. Reevel Alderson (7 August 2012). «How Glasgow annexed Govan and Partick 100 years ago». BBC News. Henta 16. juni 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Famous Pipers – P/M Ian Mclellan BEM, Strathclyde Police». pipingpress.com. Henta 16. juni 2015. 
  6. Martha Lederman (5 July 2013). «How SFU bagpipers won the world championships - over the Scots». The Globe and Mail. Henta 16. juni 2015. 
  7. Martha Lederman (5 July 2013). «How SFU bagpipers won the world championships - over the Scots». The Globe and Mail. Henta 16. juni 2015. 
  8. «Famous Pipers – P/M Ian Mclellan BEM, Strathclyde Police». pipingpress.com. Henta 16. juni 2015. 
  9. Helen McArdle (28 September 2009). «Pipe band puts strain on police time and costs». Henta 16. juni 2015. 
  10. «Update 2: Strathclyde Police force to pull plug on competition band: sources». pipesdrums.com. 28 February 2009. Henta 16. juni 2015. 
  11. «Strathclyde Police Pipe Band: "it's over"». pipesdrums.com. 31 October 2009. Henta 16. juni 2015. 
  12. «Update 2: Strathclyde P-M resigns; end of band "likely"». pipesdrums.com. 31 October 2009. Henta 16. juni 2015. 
  13. «Strathclyde Police officially a go for 2010; Bradford reinstated». pipesdrums.com. 31. januar 2010. Henta 16. juni 2015. 
  14. «Strathclyde Police Pipe Band reaches the end of an era». BBC News. 2. februar 2013. Henta 1. februar 2015. 
  15. «Strathclyde Police Pipe Band will change "in name only"». pipesdrums.com. 31. januar 2013. Henta 16. juni 2015. 
  16. «Glasgow Police to start rebuilding with Henderson». pipesdrums.com. 29 September 2016. Henta 9 October 2016. 
  17. «No less great, now just Glasgow Police». pipesdrums.com. 6. oktober 2016. Henta 9. oktober 2016. 
  18. «HOME», Police Scot & Fed PB (på engelsk), henta 4. februar 2024