Majolika er tinn- og oftast òg bly- glasert leirgods i sterkeldsfargar som er blitt laga sidan 1500-talet.

Italiensk majolikafat frå Castel Durante, omkring 1550-1570 (Musée des Beaux-Arts de Lille)
Florentinsk vase i mezzo-majolika, ca. 1430
Istoriato frå Faenza, ca. 1555 (Dallas Museum of Art)

Namn endre

Namnet majolika stammar truleg frå øya Mallorca (etter ein eldre italiensk stavemåte – Majolica). Denne øya var på 1300- og 1400-talet ein omslagsplass for spansk keramikk som så blei sendt vidare til italienske byar. Spanske fajansekar var høgt skatta i Italia på denne tida, og inspirert av desse byrja ein her i samband med sin eigen lokale tradisjon å tilverka ein type av keramikk som seinare blei kalla majolika.

Mezzo-majolika endre

Dei eldste kara, med ofte ganske primitiv dekorteknikk, blir gjerne kalla mezzo-majolika, for å kunna skilja dei frå det som seinare blei laga av majolikameistrane i renessansen. Nokre reknar ikkje mezzo-majolikaen som verkeleg majolika.[1]

Hovudperioden endre

Kring 1470 byrja den italienske keramikken å skilja seg stadig tydelegare frå dei spanske inspirasjonskjeldene. Det gotiske formspråket med lauvverk og inskripsjonar med gotiske minusklar tok opp dekorelement frå renessansen som granateplemønster, rosettar, akantusslynger, arabeskar og portrettbyster i samtidig stil. Rundt 1500 blomstra majolikakunsten for fullt. Frå å tidlegare mest å ha bestått av albarellar (ein type smale apotekkar), kanner og krus byrja ein no å skapa stadig fleire former, og stadig meir påkosta gjenstandar, samstundes som fargeprakten auka. Utviklinga gjekk etter to linjer: ornamental og figurisk.[2]

Den ornamentale er særleg kjenneteikna av groteskar. I Faenza blei stilen utvikla til ein sart planteornamentikk med palmettar og lauvverk av akantus, avslutta med maskaroner eller delfinkroppar, festongar, kransar og vasar. Høgdepunkt for stilen kjem frå Casa Pirotta-verkstaden i Faenza kring 1525, der ein nytta teknikken «a berettino» - med ein lyseblå tinnglasur i staden for ein kvit, og utsparte motivet på ein måla botn i mørkeblått. I verkstaden til huset Medici i Caffagiolo knytte ein seg til groteskstilen i Faenza.[2]

Urbino og Castel Durante blei sentrum for figurmåleriet, som blir rekna for å representera høgdepunkt i majolikatilvirkinga. Her skildra ein figurale scener med historiske og mytologiske motiv eller sjangerbilde. Bildet fekk ofte dekka heile yten til karet så ormanentet heilt forsvann. Blant framståande kunstnarar kan ein nemna Nicola Pellipario som arbeidde i Castel Durante, blant anna hos sonen sin Guido Durantino Fontana, som seinare opna verkstad i Urbino. Nicola Pellipario fekk stor innverknad på målarane i verkstaden til sonen, som Francesco Xanto Avelli og Orazio Fontana. Blant andre kjende majolikamålarar i Urbino-skulen var Francesco Durantino.[2]

I andre italienske byar blei det ofte skapt produkt som låg midtvegs mellom dei to skulane.[2]

 
Albarello frå Siena, ca. 1510, Louvre.

Kring 1550 kom ein motreaksjon mot den fargesterke urbinostilen og under innverknad frå kinesisk porselen som var kome til Italia via Venezia. Faenza kom til å ha den leiande stillinga i denne nye stilen. På kvit tinnglasert botn blei det laga ein enkel dekor i blått og gult av enkle motiv med puttiar, byster eller skjematiske rankar, kalla stilo compendario. Kring 1600 byrja det bli ein viss stagnasjon i tilverkinga, og produksjonen blei framfor alt innretta mot eksport av kvit majolika.[2]

 
Tallerken frå Deruta, andre del av 1560-talet (Victoria and Albert Museum)

Majolika utanfor Italia endre

I følgje visse definisjonar er det berre den italienske sterkeldsfajansen som skal kallast majolika. Dei italienske verkstadene fekk likevel svært stor innverknad på 1500-talet, og mange av kopiane med italienske arbeidarar er vanskeleg å skilja frå produkt tilverka i opphavslandet.

Ein majolikaverkstad i Budapest, med italienske krukkemakarar henta dit av Mathias Corvinus på slutten av 1400-talet, er den eldste majolikaproduksjonen utanfor Italia.[1]

I Saint-Porchaire i Frankrike framstilte ein kring 1525-1560 blyglasert leirgods av ein finkorna, nesten kvit masse. Dekoren blei stansa og fylt av måleri i svart, raudt eller brunt. Dei meir påkosta kara blei utforma arkitektonisk og pryda med figural- eller groteskdekor. I Saint-Porchaire verka òg Bernhard Palissy, som skulle bli nyskapande innan majolikakunsten med dei naturalistiske motiva sine.

Alt først på 1500-talet hadde ein utført enkeltforsøk med tinnglasur i Frankrike, hovudsakleg gjort av innflytta italienske keramikarar, som Girolamo dela Robbia. I 1556 opna Sebastiano Griffo frå Genova og Domenico Tardessir frå Faenza ein majolikaverkstad i Lyon. Dei fleste produkta frå desse italienske verkstadene var dekorerte i urbinostil. På 1580-talet kom det også til verkstader i Nantes, Nîmes og Nevers.

 
Deutsches Apothekenmuseum Heidelberg: Majolika Renessansebehaldar for farmasøytiske substansar.

Også i Sør-Tyskland og Sveits blei det laga kopiar av italiensk majolika. I tillegg til rein kopiering av italiensk keramikk blei det også laga såkalla hafnerkeramikk, relieffdekor med forbilde frå koparstikk og tresnitt - mest kakkelplater, men seinare òg kar av ulike slag.

Med anabaptistar, som i 1526 måte forlata Sveits, spreidde den italienskinfluerte keramikken seg òg til sørlege Mähren. Tala på anabaptistane auka seinare med flyktninger frå Tyskland, Tyrol og Holland, seinare òg Italia. Dei eldste karformene viser ein tydeleg innverknad frå den italienske keramikken i Faenza.

Gjenoppliving endre

Ved midten av 1800-talet byrja ein å interessera seg for å gjenoppliva den gamle italienske renessansekeramikken. Materialet var då vanlegvis ikkje fajanse, men oftare flintgods i ulike kvalitetar. Ein tok likevel opp att fargeskalaen til den italienske majolikaen, og til å byrja med i modellar henta frå italiensk renessanse. Ganske snart blei det likevel òg tilverka liknande saker i andre fargestilar. Dei første til å produsera 1800-talsmajolika var britiske Minton, som presenterte sine verk på verdsutstillinga i London i 1851. Snart kom det fleire kopiar frå fabrikkar ikkje berre i Storbritannia, men òg i andre land, særleg i Tyskland og Austerrike blei dei populære. I Sverige byrja både Rörstrand og Gustavsberg å tilverka majolika i 1869. I 1889 byrja òg Höganäs AB å tilverka majolika, først berre med blyglasur og frå 1893 òg med tinnglasur.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Keramik. Den europeiska keramiken från medeltiden till våra dagar, Erik Lassen s. 31
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Jan Durdík: Den stora antikvitetsboken «Keramik (av D. Hejdová)», Tiden, Stockholm. ISBN 91-550-0509-8. Libris 9624622. 
  3. Svenskt porslin - Fajans, porslin och flintgods 1700-1900, Helena Dahlbäck Lutteman s. 146-148.

Litteratur endre

  • Alan Caiger-Smith, Tin-Glaze Pottery in Europe and the Islamic World: The Tradition of 1000 Years in Maiolica, Faience and Delftware (Faber and Faber, 1973) ISBN 0-571-09349-3
  • Cohen, David Harris and Hess, Catherine, A Guide To Looking At Italian Ceramics (J. Paul Getty Museum in association with British Museum Press, 1993)
  • Cora, Galeazzo Storia della Maiolica di Firenze e del Contado. Secoli XIV e XV (Florence:Sassoni) 1973. The standard monograph on the main early centers, published in an extravagant format that now brings over $1200 on the book market.
  • Faenza. Journal published since 1914 devoted to maiolica and glazed earthenwares.
  • Honey, W.B., European Ceramic Art (Faber and Faber, 1952)
  • Liverani, G. La maiolica Italiana sino alla comparsa della Porcellana Europea A summary of a century's study, largewly based on surviving examples.
  • Mussachio, Jacqueline, Marvels of Maiolica: Italian Renaissance Ceramics from the Corcoran Gallery of Art (Bunker Hill Publishing, 2004)
  • Osterman, Matthias, The New Maiolica: Contemporary Approaces to Colour and Technique (A&C Black/University of Pennsylvania Press, 1999) ISBN 0-7136-4878-3
  • Rackham, Bernard. Italian Maiolica (London: Faber and Faber Monographs)
  • Wilson, Timothy, "Ceramic Art of the Italian Renaissance (London) 1987. Bibliography.
  • ---, Maiolica: Italian Renaissance Ceramics in the Ashmolean Museum (Ashmolean Handbooks, 1989) ISBN 0-907849-90-3
  • Tjark Hausmann: Majolika. Spanische und italienische Keramik vom 14. bis zum 18. Jahrhundert. Berlin 1972.
  • Rainer G. Richter: Götter, Helden und Grotesken – Das Goldene Zeitalter der Majolika. Ausst. Kat. der Staatlichen Kunstsammlungen Dresden, Kunstgewerbemuseum Schloss Pillnitz, Hirmer Verlag, München 2006, ISBN 3-7774-3195-8.
  • Georg Ulrich Grossmann (Hrsg.): Feuerfarben. Majolika aus Sizilien, 1550–2000. Ausst. Kat. Germanisches Nationalmuseum, Nürnberg, 2000, ISBN 3-926982-70-5.
  • Jirina Vydrová, Josef Ehm, Oskar Vogel: Italienische Majolika in tschechoslowakischen Sammlungen. Prag 1960.
  • Nicola Moufang: Die Grossherzogliche Majolika Manufaktur in Karlsruhe. Karl Winter, Heidelberg 1920.
  • Jörn Barfod: Des Kaisers Keramik. 100 Jahre Königliche Majolika-Werkstätten Cadinen. Husum Verlag, Husum 2003, ISBN 3-89876-129-0.
  • Krutisch Petra: Im Sinne der Alten… Italienische Majolika des Historismus. (Ausstellungskatalog) Hatje, Stuttgart 1995.