Glenn Hoddle
Glenn Hoddle (fødd 27. oktober 1957) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Middlesex. Han spelte 53 landskampar for England og skåra åtte gonger. Han spelte for Tottenham, Monaco, Swindon og Chelsea. På klubbnivå vann han FA-cupen i 1981 og 1982 og UEFA-cupen i 1984 med Tottenham og han vann seriemeisterskap med Monaco i 1988. Han spelte for England i VM i 1982 og 1986 og EM i 1988. Han trente seinare klubbar som Tottenham, Southampton, Chelsea, Swindon og Wolverhampton.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Glenn Hoddle | ||
Fødd | 27. oktober 1957 (67 år) | ||
Fødestad | Hayes i England | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1975-1987 | Tottenham | 377 | (88) |
1987-1991 | Monaco | 69 | (27) |
1991-1993 | Swindon | 67 | (2) |
1993-1995 | Chelsea | 31 | (1) |
Totalt | 544 | (118) | |
Landslag | |||
1976-1980 | England U-21 | (2) | |
1979-1988 | England | 53 | (8) |
Trenar for | |||
1991-1993 | Swindon (spelar/trenar) | ||
1993-1996 | Chelsea (spelar/trenar) | ||
2000-2001 | Southampton | ||
2001-2003 | Tottenham | ||
2004-2006 | Wolverhampton | ||
Landslagstrenar for | |||
1996-1998 | England | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Merittar
endre- Vinnar av FA-cupen: 1981 og 1982 med Tottenham Hotspur
- Vinnar av UEFA-cupen: 1984 med Tottenham Hotspur
- Fransk ligameister: 1988 med AS Monaco